Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Del framtiden/Ta del i framtiden

Forskar i OBS-seismologi

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som forskar innan OBS seismologi.

Stillinga er for ein periode på 2 år med start 1. januar 2018 og er knytt til EU-prosjektet INTAROS (Integrated Arctic Observation System).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • INTAROS har som målsetjing å byggje eit effektivt integrert Arktisk Observasjons System (iAOS). Dette skal gjerast ved å samle, utvide og betre dei eksisterande systema i dei ulike regionane i Arktis. iAOS vil bestå av system som observerer hav, atmosfære, kryosfære og den faste jord.

  • Hovudoppgåvene til Institutt for geovitskap vert å vurdere og utvikle jordskjelvovervakinga i Arktis, noko som og inkluderer utsetjing av havbunnsseismometer (OBS) og handsaming av innsamla data. Andre oppgåver vert å etablere ein Arktisk katalog med jordskjelv og fokalmekanismar, og å utvikle samfunnsbaserte observasjonssystem på Svalbard og i området ved Disco-bukta på Grønland.

  • Det må påreknas noko reiseverksemd i samband med prosjektmøter og feltarbeid. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor seismologi, geofysikk eller liknande felt, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Røynsle med utplassering av havbunnsensorar (OBS) og handsaming av OBS- og jordskjelv-data er ein føremon.
  • Røynsle med seismologi i Arktis er ein føremon.
  • Kjennskap til instrumentering og programmering er ein føremon.
  • Søkjarar må arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må nytte engelsk skriftleg og munnleg.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 57 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 486 100 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Førsteamanuensis Mathilde B. Sørensen, Institutt for geovitskap, tel: +47 55583426, email: mathilde.sorensen@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. september 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140398
  • Intern-ID
    17/7405
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger