Statens sivilrettsforvaltning har ei brei oppgåveportefølje og forvaltar statlege ordningar på tvers av sivil- og strafferetten. Ordningane skal sikre individet sine rettar, rettslikheit og medverke til god rettspleie. Arbeidsoppgåvene våre er i stor grad knytta til behandling av enkeltsaker innanfor mellom anna områda verjemål, rettshjelp, erstatning etter strafforfølging og valdsoffererstatning. Statens sivilrettsforvaltning er også sentral verjemålsmyndigheit, og vi har etatsstyringsansvaret for Kontoret for valdsoffererstatning. Vi har sekretariatsfunksjonen for mellom anna Den rettsmedisinske kommisjon, Barnesakkunnig kommisjon, Erstatningsnemnda for valdsoffer, Stortinget sitt utval for rettferdsvederlag, Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll og Konkursrådet. Statens sivilrettsforvaltning forvaltar også garantiordninga for bubehandling ved mistanke om økonomisk kriminalitet i tillegg til tilskotsordninga for spesielle rettshjelpstiltak.

Vi har for tida om lag 70 medarbeidarar og held til i sentrale lokale i Oslo og på Hamar.
Sjå www.sivilrett.no for nærmare informasjon.

IT-arkivar/rådgivar - dokumentforvaltning

Det er ledig ei fast stilling som rådgivar i Administrasjonsavdelinga, Seksjon for dokumentforvaltning i Statens sivilrettsforvaltning.

 

Vi søkjer deg som er engasjert og fagleg nysgjerrig og som kan vere ei drivkraft i arbeidet med auka digitalisering som ein del av arbeidet med å vidareutvikle og effektivisere elektronisk dokumenthandtering og arkivfunksjonen hos oss. Du vil samarbeide tett med IT-seksjonen og internt i avdelinga, men også med andre delar av organisasjonen. Vi nyttar det elektroniske saksbehandlings- og arkivsystemet ePhorte. Statens sivilrettsforvaltning har rolla som sentral arkiveigar og systemforvaltar for verjemålsapplikasjon som er portalløysing som alle fylkesmannsembeta nyttar for behandling av verjemålsaker. Vi er også sekretariat for Barnesakkunnig kommisjon og Den rettsmedisinske kommisjon, som begge nyttar ePhorte i SharePoint. Dokumentseksjonen er ein sentral bidragsytar innanfor fleire fagområde og databasar, og vi ser derfor etter deg som har erfaring med digitalisering og dokumentforvaltning i offentleg sektor og som har god system- og organisasjonsforståing.

 

Viktige arbeidsoppgåver

  • Følge opp sentralt gitte krav og mål for digitalisering og informasjonstryggleik i statleg sektor

  • System- og brukaradministrasjon i ePhortebasar, med utvikling og ajourhold av malar

  • Prosjektansvar ved oppgraderinger av ePhorte og SharePoint

  • Ansvarleg for brukarstøtte og opplæring i sak-/arkivsystem

  • Vidareutvikle og effektivisere digitale arbeidsprosessar

  • Kvalitetssikre metadata og filer for seinare deponering og avlevering, i tillegg til sikring av personopplysingar

  • Kvalitetssikre og publisere informasjon til offentleg elektronisk postjournal.

  • Delta i daglege driftsoppgåver og vidareutvikle/ajourhalde dokumentasjons- og arkivrutinar

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan IKT og/eller arkiv på universitets- og høgskolenivå

  • God innsikt i lover og regelverk og standarder (eks. Noark) knytt til dokumentforvaltning og digitalisering

  • Erfaring med rettleiings- og opplæringsarbeid i tillegg til utvikling av rutinar, malar og prosedyrar

  • Erfaring med dokumentforvaltning i offentleg sektor og god system- og organisasjonsforståing

  • Administrasjon og bruk av sak-/arkivsystem og fagsystem

  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

     

    Det er en fordel om du også har kunnskap om:

  • ePhorte i SharePoint

  • Informasjonstryggleik og personvernlovgiving

  • Kunnskap om relasjonsdatabaser og databasestruktur

  • XML-teknologi

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert, initiativrik og med god gjennomføringsevne

  • Sjølvstendig, lojal, nøyaktig og gode samarbeidsevner

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

 

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

  • Godt fagleg og sosialt miljø med høgt tempo

  • Fleksitid

  • Trening i arbeidstida

  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

  • Fast stilling som rådgivar (stillingskode 1434), innanfor lønsspennet kr 466.500-558.500 per år avhengig av kompetanse og kvalifikasjonar. Vi vil vurdere høgare lønn for særleg kvalifiserte kandidatar.

Det blir trekt 2 % av bruttoløn som innskot til Statens pensjonskasse.

 

Arbeidsstad er Oslo.

 

Staten legg vekt på mangfald, og vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søkje. Det er eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Menn og personar med innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å søkje. Statens sivilrettsforvaltning er ei IA-verksemd, som mellom anna inneber at vi vil leggje tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Ved tilsetting gjeld 6 månader prøvetid.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • seksjonssjef Solveig Borgland telefon 22 99 13 33/901 38373

  • eventuelt avdelingsdirektør Trond Bigseth telefon 22 99 13 03

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    27. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Statens sivilrettsforvaltning
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    140359
  • Intern-ID
    2017/1855
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger