Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS) er den fremste lærestaden i landet for sosiologi og samfunnsgeografi med forsking, undervising og formidling på høgste nivå. Instituttet tilbyr fire bachelorprogram og tre masterprogram. Det som kjenneteiknar vårt miljø er breidde, vedrørande tema og metodar, og at våre lærarar er høgt kvalifiserte forskarar. Det er ein god kjønnsbalanse i den vitskaplege staben, som omfattar 35 fast vitskapleg tilsette, omlag 40 stipendiatar og postdoktorar, og 12 tilsette i administrasjonen. ISS har totalt 80 kandidatar på PhD-programmet og 1500 registrerte studentar.

Studiekonsulent

Ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS) er det ledig ei fast 100 % stilling som studiekonsulent (SKO1408 førstekonsulent). Studiekonsulenten får administrasjon av bachelorprogrammet og årseininga i sosiologi som sitt særskilde arbeids- og ansvarsområde. Studiekonsulenten jobbar tett opp mot dei andre tre bachelorprogramma ved instituttet.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge undervisning og eksamensavvikling saman med undervisningsleiar og dei emneansvarlege
  • Administrere opptak til emne og seminargrupper
  • Administrasjon av eksamen
  • Førebu saker til programrådet og følgja opp vedtaka
  • Studierettleiing
  • Informasjonsarbeid – utforming og vedlikehald av informasjon på programmet sine nettsider

Stillinga krev ein ekstra innsats i periodar med stor arbeidsmengde, og andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning frå universitet eller høgskule med samfunnsvitskaplege fag i fagkrinsen, minimum tilsvarande bachelorgrad. Dokumentert realkompetanse kan erstatta utdanningskravet.
  • Det krevs erfaring frå studieadministrasjon innan universitet- og høgskulesektoren.
  • Det krevs erfaring med elektroniske verktøy som arbeidsreiskap.
  • God evne til å framstille seg skriftleg og munnleg på norsk og engelsk er ein føresetnad

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • Evne til å jobbe strukturert, analytisk og med stor arbeidskapasitet
  • Engasjement og initiativrikdom

Vi tilbyr

  • Løn frå kr. 436 900 - 499 600 per år, avhengig av kompetanse
  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Gode pensjonsordningar i Statens Pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknytning til søkjar, epostadresse og telefonnummer.)

Vitnemål og attestar skal takast med på eit evt. intervju.

Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem Jobbnorge. Ver gild å klikk på «send søknad».

Andre opplysningar

Som statleg institusjon har vi eit personalpolitisk mål om å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad og å rekruttere personar med etnisk minoritetsbakgrunn.

Ifølge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentlege søkjarlista.

I tillegg ynskjer UiO at våre medarbeidarar i størst mogeleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge forholda til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Søknadsfrist: 15. august 2017

Kontaktperson: kontorsjef Inger-Lise Schwab

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Oslo
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    140339
  • Intern-ID
    2017/8014
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger