Universitetet i Bergen

Klinisk institutt 1

Professor II/førsteamanuensis (mellombels, 20 % bistilling) i medisin (øyre-nase-hals) ved Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet

Ved Universitetet i Bergen, Det medisinsk fakultet, Klinisk institutt 1, Seksjon for nevrokirurgi/øyre-nase-hals sjukdomar, er det ledig ei åremålsstilling som professor II (20 % bistilling) i medisin (øyre-nase-hals) i fire (4) år. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med professor II-kompetanse, kan det verte tilsett førsteamanuensis (20 % bistilling). Bistillinga er knytt til fast hovudstilling som overlege ved Klinikk for hovud-hals, Seksjon for ØNH-sjukdomar, Haukeland universitetssjukehus, og berre leger tilsett ved dette sjukehuset kan søkje stillinga.

 

Stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt ved tilsetjinga,kan ein finna lenger nede denne sida.

 

Utfyllande opplysingar om stillingane kan ein få ved å venda seg til instituttleiar professor Kjell-Morten Myhr, Klinisk institutt 1, tlf.: 55 97 60 31 eller e-post:Kjell-Morten.Myhr@uib.no

  

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Søkjarar må ha norsk ph.d.-grad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse
  • Søkjarar må vere spesialist i ØNH sjukdomar/hovud og hals kirurgi
  • Søkjarar må ha sitt forskingsområde innan ØNH sjukdomar

 

Den som vert tilsett, skal rettleie mastergradstudentar og doktorgradskandidatar og kan verte pålagt å delta i arbeid på instituttet elles. Det vert lagt vekt på om ein kan dokumentera evne til å etablera eiga forsking og på dokumentert evne til samarbeid både i eige miljø og med forskarar i andre forskingsmiljø.

 

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

 

Løn

Professor vert lønt etter lønssteg 76-78 (kode 9301), for tida kr 698 000 - 743 100 for full stilling, i lønsregulativet til staten. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 59-62 (kode 8028/lønsramme 24.3 - 24.6), for tida kr 503 800 - 535 900 for full stilling, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

 

 

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

 

Retningsliner

Den som vert tilsett pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

 

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgd.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

 

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Legg ved:

● CV

● vitnemål

● attestar

● fullstendig publikasjonsliste

● liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

● ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde

vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis) Kopier av desse i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg.

 

 

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

 

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

 

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen for ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at all informasjon er lagt inn innan fristen.

 

Ein viser elles til «Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger».


Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 01.10.2017

 

 



Stillingsomtale

Ved Universitetet i Bergen, Det medisinsk fakultet, Klinisk institutt 1, Seksjon for nevrokirurgi/øyre-nase-hals sjukdomar, er det ledig ei åremålsstilling som professor II (20 % bistilling) i medisin (øyre-nase-hals) i fire (4) år. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med professor II-kompetanse, kan det verte tilsett førsteamanuensis (20 % bistilling). Bistillinga er knytt til fast hovudstilling som overlege ved Klinikk for hovud-hals, Seksjon for ØNH-sjukdomar, Haukeland universitetssjukehus, og berre leger tilsett ved dette sjukehuset kan søkje stillinga.

 

Klinisk institutt 1 har om lag 240 tilsette, fordelt på elleve fagseksjonar og forskingssenteret Center for Cancer Biomarkers.

 

Den som vert tilsett i denne stillinga, må vere lege og ha omfattande erfaring innan fagområdet øyre-nase-hals og hovud-hals kirurgi, og ha sitt forskingsområde innan øyre-nase-hals sjukdomar/hovud-hals kirurgi. Den tilsette skal gje undervisning for medisinstudentar ved fakultetet innan øyre-nase-hals sjukdommar.

 

Undervising

Søkjarane må vere interessert i studentundervisning. Det medisinske fakultet har ansvar for utdanning av studentar innan medisin, odontologi, farmasi, ernæring og helsefag. Undervising av studentar i andre fag enn medisin kan vere aktuelt. Den som vert tilsett, skal delta og vidareutvikle undervisninga i øyre-nase-hals, forutan delta i eksamensavvikling og i vidare- og etterutdanning av legar.

 

Forsking

Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har forskingserfaring og at forskinga skjer i samarbeid med andre forskarar innanfor klinikken, instituttet eller Universitetet i Bergen. Pågåande forsking bes dokumentert. Den tilsette pliktar å medverka til aktiv rekruttering og forskingsrettleiing av studentar og stipendiatar, og å fremja forskinga ved universitet og sjukehuset.


Retningsliner

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at dei som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

 

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, og forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

 

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til. Dei tilsette kan verte pålagt å delta i universitetets styringsorgan, komitear og anna arbeid.

 

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar er viktig ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan til dømes gjerast ved innsending av:

 

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning

  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning

  • oversyn over undervisningsomfang og -nivå

  • oversyn over særoppgåve-, mastergrads- og doktorgradsrettleiing og resultat

  • mottekne studentprisar

  • eigne pedagogiske publikasjonar

  • eigne undervisingskompendium og undervisingsmateriell

  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervising, slik som alternative undervisingsformer, rettleiing eller læringsmiljø

 

Tilsetjingane går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. oktober 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140289
  • Intern-ID
    17/8016 (IVØI)
  • Omfang
    Deltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger