Universitetet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen

Tekst: Del framtiden/Ta del i framtiden

Stipendiat i biosystematikk (acarologi) ved Universitetsmuseet i Bergen

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for naturhistorie, er det ledig ei stilling som stipendiat i biosystematikk med fokus på midd (Acari). Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, der 25% av tida er arbeidsplikt i dei entomologiske samlingane.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Midd utgjer eit enormt mangfald på kloden. Til tross for deira urgamle opphav som ei av dei tidlegaste gruppene leddyr på land, og at dei i dag dominerer dei fleste terrestre habitat i enorme tal, er denne dyregruppa mellom dei minst kjente, også i vår region. Ynskjer du å bidra til auka kunnskap om midden sin mangfaldige verden?

 

Den tilsette vil ta del i eit kartleggingsprosjekt på hornmidd finansiert av Artsdatabanken, i regi av Universitetsmuseet. Stipendiaten skal delta i feltinnsamlingar av jordbunnsdyr, og preparere midd for morfologiske og molekylære analyser. Han eller ho vil etablere molekylære protokollar for DNA strekkoding av hornmidd, og bruke slike data i taksonomiske studiar på utvalde slekter i Ceratozetidae og nærståande hornmidd-familiar. Ein del av arbeidet vil vere etablering av nye molekylære markørar. Forskinga vil fokusere på artsgrenser lokalt så vel som den nordlege halvkula, og dermed bidra med grunnleggjande molekylære data for taksonomisk arbeid på kryptiske artskompleks.

 

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, fordelt jamleg utover året. Pliktene inkluderer kuratering i insektsamlinga, undervisning, og forskningskommunikasjon. Denne stillinga har ein tydeleg formidlingsprofil som inneber mellom anna produksjon av internettsider i regi av Artsdatabanken (arter på nett). Dersom du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha ein mastergrad innan biosystematikk, eller nærliggjande felt med relevans til entomologi-acarologi. MSc oppgåva må vera innlevert før søknadsfristen.
  • Erfaring frå studiar på midd eller arbeid med andre små leddyr er ei føremon, men ikkje eit krav.
  • Røynsle med molekylære metodar og evolusjonære analyser tel mykje i vurderinga.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner er naudsynt.
  • Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg på engelsk er eit krav.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein PhD-grad innanfor ei tidsramme på 3 år.. Stipendiaten vil og vera medlem i forskarskulen i biosystematikk (ForBio). Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til PhD-studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø (forskergruppe: http://www.uib.no/fg/fse).
  • Moderne molekylær- og organisme-laboratorium, og tilgang til Nordens beste samling av midd.
  • Løn etter lønssteg 50 ved tilsetjing (kode 1017). Dette utgjer ei årsløn på kr 436.900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

 

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga ved Universitetsmuseet (maksimalt 1 side).
  • Curriculum Vitae.
  • Fullstendig liste over vitskaplege og anna fagleg arbeid (publikasjonsliste).
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad.
  • Relevante attestar. 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: avdelingsleiar (instituttleiar) Bjarte Jordal, tlf 55 58 22 33/ epost:  bjarte.jordal@uib.no.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning.. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 15. august 2017

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Avdeling for naturhistorie
  • Jobbnorge-ID
    140272
  • Intern-ID
    17/7807
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger