Universitetet i Bergen

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Tekst: Del framtiden/Ta del i framtiden

Vitskapleg assistent

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig ei 100 % stilling som vitskapleg assistent for perioden august 2017 til august 2018 med mogleg forlenging. Stillinga er knytt til vitskapleg assistanse for instituttleiar.

 

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

 

Arbeidsoppgåver

  • Bidra i aktuelle prosjekt der instituttleiar er involvert.

  • Arbeid med nettmagasinet Vox Publica

  • Bistå med drifta av den norske avdelinga av Nordisk informasjonssenter for medie- og kommunikasjonsforsking (Nordicom)

     

    Kvalifikasjonskrav

  • Mastergrad i medievitskap

  • God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg

  • God administrativ IT – kompetanse

     

    Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert

  • Evne til å arbeide sjølvstendig

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

     

    Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn etter lønssteg 45 - 47 ved tilsetjing (Lpl.17.515/ kode 1020). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast

  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

     

    Søknad

    Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida ”søk på jobben”.

     

    Søknadsfrist: 4. august 2017

     

    Søknaden skal merkast 17/8300

     

    Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

    Til informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Leif Ove Larsen, e-post: leif.larsen@infomedia.uib.no eller tlf. 55 58 41 16.

 

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib.no eller tlf. 55 58 90 53.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    4. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140255
  • Intern-ID
    17/8300
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger