Helse- og omsorgsdepartementet

Bioteknologirådet

Bioteknologirådet er eit frittståande og rådgivande organ som mellom anna er høyringsinstans for norske styresmakter i samband med saker som gjeld moderne bioteknologi. Bioteknologirådet vurderer og informerer om etiske og samfunnsmessige spørsmål som gjeld bruk av bioteknologi på menneske, planter, dyr og mikroorganismar. Bioteknologirådet er administrativt underlagt Helse- og omsorgsdepartementet.

Sekretariatet til Bioteknologirådet - kommunikasjonssjef/seniorrådgivar

Hovudarbeidsområde:

  • styrkje kommunikasjonsarbeidet og synleggjere arbeidet rådet gjer
  • vere redaktør for nettstaden bioteknologiradet.no, som mellom anna inneheld målretta informasjon til bruk for skular
  • vere redaktør for tidsskriftet GENialt (papir og digitalt)
  • handtere media
  • skrive kronikkar, lesarinnlegg og artiklar
  • utføre strategisk arbeid

 

Vi søkjer ein person som er kreativ og ambisiøs på våre vegner innanfor kommunikasjon.

 

Vi søkjer ein person med høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå innan kommunikasjon eller andre relevante fag. Du må ha erfaring med tilsvarande kommunikasjonsarbeid. Vidare må du ha svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne, og det er ein føresetnad at du meistrar norsk godt. Du må ha erfaring med nettpublisering og bruk av sosiale medium som arbeidsverktøy.

 

Det er ein fordel om du har utdanning innan naturvitskap og/eller erfaring med kommunikasjonsarbeid innan naturvitskap. I tillegg ønskjer vi at du har kompetanse i bruk av IKT-verktøy for bilete-/videobehandling og publisering. Det er òg fint om du meistrar nynorsk skriftleg.

 

Du må vere sjølvstendig, aktiv, samfunnsengasjert og skriveglad. I tillegg må du vere strukturert, leveringsdyktig og ha gode samarbeidsevner. Vi legg stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.

 

Vi kan tilby ein utviklande og interessant arbeidsplass med stor kontaktflate og gode høve til å jobbe sjølvstendig med mange forskjellige oppgåver innan eit fagfelt i rask utvikling og med stor samfunnsrelevans.

 

Lønn: kr 512 700-686 900

 

Spørsmål kan rettast til

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Helse- og omsorgsdepartementet
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    140179
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger