Universitetet i Bergen

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Tekst: Del framtiden/Ta del i framtiden

Postdoktor i informasjonsvitskap

Ved Institutt for Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig ei stilling som postdoktor for ein periode på 4 år knytt til forsking på medie- og kommunikasjonsteknologi. 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet. Stillinga er lagt til instituttet si satsing i Media City Bergen.

 

I 2017 vil BT, BA, NRK, TV2, Vizrt, og deler av Institutt for informasjons- og medievitskap ved UiB vere samla i Media City Bergen i Lars Hillesgate. I samspel med medieteknologiselskap og innhaldsprodusentar bygger vi opp eit internasjonalt attraktivt forskings- og utdanningsmiljø innan medieteknologi og innhaldsproduksjon. Hausten 2017 startar instituttet seks heilt nye og profesjonsorienterte studieprogram med stor yrkesrelevans på bachelor- og masternivå innan journalistikk, fjernsynsproduksjon, medie- og interaksjonsdesign. Utdanningstilboda vil gi viktig kompetanse for ei bransje med store omstillingsbehov.

 

Den overordna ambisjonen for Media City Bergen er: ”å skape eit internasjonalt leiande miljø for innovasjon og kunnskapsutvikling innan mediefeltet.” Dette skal realiserast ved å auke den faglege samhandlinga mellom medie-, teknologi- og utdannings- og forskingsmiljø. UiB er den sentrale akademiske partneren medieklynga.


Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Til denne stillinga søkjer vi ein informasjonsvitar som kan styrke instituttet si forsking og undervisning innan området medie- og kommunikasjonsteknologi. Døme på tema for prosjekt kan vere – men er ikkje avgrensa til:

  • Datajournalistikk
  • HCI og interaksjonsdesign;
  • Visualisering og 3D-modellering;
  • Kunstig intelligens
  • Bruk av semantiske teknologiar i medieproduksjon;
  • Sosiale media

 

Postdoktorstillinga er eit bidrag til å styrke forskingsaktiviteten ved instituttets avdeling i Media City Bergen. Den som vert tilsett skal òg bidra til å utvikle fagleg dialog og samarbeid mellom forsking- og utdanningsmiljøet og mediebransjen, t.d. gjennom å arrangere seminar og workshops, og delta i utvikling av nye forskingsprosjekt. Den vert tilsett må ta del i undervisningstilboda ved instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk doktorgrad innan informasjonsvitskap eller tilsvarande kompetanse, eller ha levert doktorgradsavhandlinga til bedømming innan søknadsfristens utløp. Det er ein føresetnad at avhandlinga er godkjent før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med forsking på medie- og kommunikasjonsteknologi vil vere ein fordel
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samt kunne arbeide i tverrfaglege team
  • Flytande i engelsk munnleg og skriftleg

 

Aktuelle kandidatar kan bli innkalla til intervju og kan også verte bede om å helde ei prøveforelesing over eit oppgitt emne.  

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

 

Dei som søkjer stillinga vert rådd til å orientera seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet, sjå http://www.uib.no/infomedia.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 57 - 60 i det statlege regulativ ved tilsetjing, (Lpl.17.510, kode 1352/LR24.), pt. 490 900 – 517 700. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode trenings- og velferdsordningar

 

Prosjektet

Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 6-8 sider skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet og ein publiseringsplan. Den skal gjere greie for problemstillingar og materiale, samt val av teori og metode. Det vert lagt til grunn at det er realistisk å gjennomføre prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp. Prosjektskisse og framdriftsplan skal inngå som del av (vedlegg til) arbeidskontrakten for åremålstilsetjinga og skal innehalde namn på den som har plikt til å vere fagleg rådgjevar for den tilsette.

 

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. 25 % av stillinga utgjer pliktarbeid ved instituttet. Ingen kan vere tilsett i meir ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • Prosjektskisse
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Vitskaplege publikasjonar (inntil 5)

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

 

Søknadsfrist: 15 august, 2017

 

Søknaden skal merkast: 17/7674

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Ole Johan Mjøs, e-post: ole.mjos@uib.no, telefon: 55 58 41 26.

 

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib.no eller tlf. 55 58 90 53.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140165
  • Intern-ID
    17/7674
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger