Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Del framtiden/Ta del i framtiden

Stipendiat i klimadynamikk

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat innan klimadynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, med inntil 25 % pliktarbeidstid ved instituttet.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga vil bli en del av Bjerknessenteret for klimaforskning. Forskingstema i stillinga vil være relatert til klimadynamikk og interaksjonen mellom havis, landis og havsirkulasjonen i Arktis. Nærare detaljar om PhD-prosjektet vil bli avklart med basis i kandidaten sin faglege bakgrunn.

 

Som del av forskarutdanninga er det forventa at kandidaten har eit forskingsopphald på 3-12 månader utanlands.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysikk, matematikk, eller geovitskap (inkludert geologi, klima, meteorologi, oseanografi). Masterstudentar kan søke dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 01.09.2017. Det er en føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetning kan skje.

  • Erfaring innanfor klimadynamikk, isdynamikk og klimamodellering er ein føremon.

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Du må beherske engelsk skriftlig og munnleg.

  • Det er ein føremon med gode norskkunnskapar

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønsteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersoner. Ein av disse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert

  • relevante attester

  • liste over eventuelle vitskapelege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sendt på epost til einskilde personar, vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillingane kan en få ved å hevande seg til professor Kerim Hestnes Nisancioglu, Institutt for geovitenskap.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    10. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140155
  • Intern-ID
    17/7250
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger