Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Tekst: Del framtiden/Ta del i framtiden

Stipendiat i klimadynamikk

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i klimadynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år og inkluderer 25 prosent pliktarbeid ved instituttet.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Kandidaten som vert tilset vil vera ein del av Bjerknessenteret for klimaforsking. Forskingstema er betydinga for dei nordlege hav i klima. Av spesiell interesse er koplingar mellom Atlanterhavet, Dei nordiske hav og Arktis, mellom anna havets varierande transport av til dømes varme og karbon, vekselverknader mellom hav og atmosfære, og i kva grad framtidig isdekke i Arktis og klima over land kan varslast. Eit meir detaljert ph.d.-prosjekt vil bli utvikla basert på kandidatens bakgrunn og interesser.

 

Som del av forskarutdanninga er det forventa at kandidaten kan ha eit 3-12 månadars forskingsopphald i utlandet.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i meteorologi, oseanografi, fysikk eller anvendt matematikk. Masterstudentar kan søke så sant dei har levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Kunnskap om nordleg klima og hav er ønskeleg.

  • Erfaring frå arbeid med numeriske modellar, idealiserte modellar frå observasjonar, analyse av datasett og avanserte statistiske metodar er ein føremon.

  • Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner

  • Kandidaten må ha gode ferdigheiter i engelsk, både skriftleg og munnleg

  • Det er ein føremon med gode norskkunnskapar

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert

  • relevante attestar

  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sendt på epost til einskilde personar, vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte Professor Tor Eldevik, (tor.eldevik@gfi.uib.no /+47 93 49 40 38).

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    10. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140148
  • Intern-ID
    17/5441
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger