Universitetet i Bergen

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Tekst: Del framtiden/Ta del i framtiden

Førsteamanuenis i informasjonsvitenskap

Ved Institutt for Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i informasjonsvitskap med forskings- og undervisningsoppgåver knytt til medie- og kommunikasjonsteknologi. Stillinga er lagt til instituttet si satsing i Media City Bergen.

 

I 2017 vil BT, BA, NRK, TV2, Vizrt, og deler av Institutt for informasjons- og medievitskap ved UiB vere samla i Media City Bergen i Lars Hillesgate. I samspel med medieteknologiselskap og innhaldsprodusentar bygger vi eit internasjonalt attraktivt forskings- og utdanningsmiljø innan medieteknologi og innhaldsproduksjon. Hausten 2017 startar UiB seks heilt nye og profesjonsorienterte studieprogram med stor yrkesrelevans på bachelor- og masternivå innan journalistikk, fjernsynsproduksjon, medie- og interaksjonsdesign. Utdanningstilboda vil gi viktig kompetanse for ei bransje med store omstillingsbehov.

 

Den overordna ambisjonen for kunnskapsklynga Media City Bergen er: ”å skape eit internasjonalt leiande miljø for innovasjon og kunnskapsutvikling innan mediefeltet.” Dette skal realiserast ved å auke den faglege samhandlinga mellom medie-, teknologi- og utdannings- og forskingsmiljø. UiB er den sentrale akademiske partneren i Media City Bergen.

 

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Til denne stillinga søkjer vi ein informasjonsvitar som ynskjer å være med å styrke instituttets forsking og undervisning knytt til medie- og kommunikasjonsteknologi. Vi ønskjer søkjarar som har forskings- og undervisningskompetanse innan eitt eller fleire av desse områda:

 

  • Datajournalistikk;
  • HCI og interaksjonsdesign;
  • Visualisering og 3D-modulering;
  • Bruk av semantiske teknologiar i medieproduksjon;
  • Kunstig intelligens

 

Den som vert tilsett skal òg bidra til å utvikle fagleg dialog og samarbeid mellom forsking- og utdanningsmiljøet og mediebransjen i og utanfor Media City Bergen t.d. gjennom å ta del i og utvikle nye forskings- og innovasjonsprosjekt, samt arrangere seminar og workshops.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer deg som:

  • Har doktorgrad i informasjonsvitskap eller tilsvarande kompetanse.
  • Har synt evne til å publisere forskingsresultat utover doktorgrad på eit internasjonalt nivå i faget.
  • Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet vil forskinga frå dei siste fem åra verte tillagt særleg vekt.
  • Har kjennskap til mediebransjen
  • Har evne til å utvikle og leie forskingsprosjekt, erfaring med koordinering av forskingsaktivitet.
  • Har gode samarbeidseigenskapar og erfaring frå tverrfagelege prosjekt. Planer for forsking og ambisjonar for eigen undervisning vert tillagt vekt.
  • Har pedagogisk basisutdanning. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 64 - 70 (kode 1011/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 556 700,- - 621 800,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

 

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev
  • Ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet
  • CV
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attester
  • Kontaktinformasjon til to referansar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

 

På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkyndige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Deretter vil fakultetet invitere dei best kvalifiserte søkjarane til å sende inn vitskaplege arbeid. Tilsetjing går føre seg på grunnlag av innstilling av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og prøveførelesing.

 

Søknadsfrist: 15. august 2017

 

Søknaden skal merkast: 2017/7672

Vi ber søkjarane nøye følgje retningslinene for søkjarar til mellomstillingar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet: http://www.uib.no/svf/foransatte/97611/veiledning-s%C3%B8kere-til-mellomstillinger.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Ole Johan Mjøs, e-post: ole.mjos@uib.no, telefon: 55 58 41 26.

 

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib.no eller tlf. 55 58 90 53.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det vises til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

 

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    140086
  • Intern-ID
    17/7672
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger