Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Avdelingsingeniør (programmerar)

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei fast stilling som avdelingsingeniør. Stillinga er dei første 2 åra knytt til prosjektet ”How do soluble proteins bind to biological membranes?”, finansiert av Forskingsrådet. Den som blir tilsett, vil jobbe i forskingsgruppa til professor Nathalie Reuter (http://www.uib.no/rg/reuter).Gruppa er lokalisert ved Computational Biology Unit (http://www.cbu.uib.no).

 

Om instituttet
Instituttet har 6 forskingsgrupper: algoritmar, bioinformatikk, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Instituttet er rangert først i Norge på forskingskvalitet av Forskingsrådet. For meir informasjon, se instituttet sine websider: http://www.uib.no/ii

 

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga inneber utvikling og vedlikehald av webbasert programvare for analyse av proteinfleksibilitet.

  • Den som blir tilsett, vil jobbe med forskarar for å utvikle analysar frå prototypar til høg-kvalitets programvare distribuert til fagmiljøa som «standalone» programvare eller web-applikasjonar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha ein mastergrad som inkluderer omfattande trening i programmering.
  • Søkjarar må ha arbeidserfaring som inkluderer programmeringsansvar.
  • Erfaring med utvikling og «deployment» av web-baserte løysingar er eit krav.
  • Kjennskap til Python web-rammeverk og bibliotek for vitskaplege datamodellar er eit krav.
  • Søkjarar må dokumentere interesse og evne til å jobbe med vitskaplege datamodellar, enten med relevant erfaring eller med utdanning i molekylærvitskap.
  • Relevant praksis relatert til utvikling av programvare for bioinformatikk eller molekylmodellering er eit krav.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
  • God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.

Vi kan tilby:

  • Eit godt, fleksibelt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn som avdelingsingeniør etter lønstrinn 47–52 (kode 1085/LR 22) i det statlege lønsregulativet, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknadsfrist: 15. august 2017

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Computational Biology Unit , e-post: nathalie.reuter@uib.no / telefon: +47 55 58 40 40.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Send søknad, CV, kopi av vitnemål og attestar elektronisk ved å klikke på knappen merkt «SØK STILLINGEN» på denne sida.

 

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    139934
  • Intern-ID
    2016/10942
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger