Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Tekst: Del framtiden/Ta del i framtiden

Stipendiat i informatikk – inntil to stillingar

Ved Institutt for informatikk er det ledig inntil to stillingar som stipendiat i informatikk. Stillingane er for ein åremålsperiode på 4 år.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i informatikk eller matematikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei skal fullføre sin avsluttande mastereksamen innan 1. januar 2018. Mastergraden må vere oppnådd før ein kan tiltre stillinga.
  • Du må kunne fullføre eit stipendiatprogram innan eit forskingsfelt som fell innanfor ei av dei seks forskargruppene til instituttet. Dei er: algoritmar, bioinformatikk, optimering, programteori, datatryggleik og visualisering. Sjå nettsidene til instituttet for meir informasjon: http://www.uib.no/ii
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Du må kunne tiltre stillinga 1. januar 2018.

Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 4 år (tilsvarande ei 3 års heiltidsstilling). Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 ved tilsetjing (kode 1017/LR20.8). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar
  • Søknaden skal innehalde
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV (i tillegg til CV i Jobbnorge)
  • vitnemål og attestar som er komplett ved søknadsfristen
  • dersom du ennå ikkje har fullført din mastergrad, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgivande institusjon påfullført gradogoppnåddkarakter, innan 1. januar 2018.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 10. august 2017

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar, professor Petter E. Bjørstad, e-post: Petter.Bjorstad@uib.no

Søknader sende på e-post til enkeltpersonar ved instituttet, vert ikkje vurderte.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    10. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    139767
  • Intern-ID
    2017/7725
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger