Universitetet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen

Tekst: Del framtiden/Ta del i framtiden

Anleggsgartnar/gartnar - vikariat ved Arboretet og Dei botaniske hagane

Universitetsmuseet i Bergen har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum der forsking, samlingsforvalting og formidling er kjerneoppgåver og inkluderer fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Museet har om lag 120 årsverk. Til museet ligg og ansvaret for Universitetshagane. Nærare informasjon om museet finn du her: http://www.uib.no/universitetsmuseet.

 

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Arboretet og dei botaniske hagane, er det ledig eit vikariat (100 % stilling) som anleggsgartnar/gartnar frå og med 1. november 2017 til og med 30. april 2018. Vikariatet kan bli forlenga.

 

Arboretet og dei botaniske hagane inneheld tre ulike hageanlegg; Muséhagen i Bergen sentrum, samt Arboretet og Botanisk hage som er lokalisert på Milde. Anlegga er på til saman over 600 mål og inneheld om lag 5000 planteslag frå heile verda. På Milde er det óg veksthus for produksjon- og for overvintring av utstillingsplanter. Dei levande plantesamlingane vert brukte i forsking, formidling og undervising. Det blir formidla kunnskap om planter, plantemangfald og behovet for at mangfaldet blir teke vare på; truga og sårbare artar i norsk natur tek vi særskilt vare på. Alle hagane er tilrettelagt for publikum med vegar og stiar, dei er godt besøkte gjennom heile året. Seksjonen har til saman 23 fast tilsette. Du kan lese meir om seksjonen og verksemda på http://www.uib.no/arboretet.

 

Arbeidsoppgåver

  • Delta i dagleg drift av dei fire avdelingane ved seksjonen; Musehagen, Arboretet, Botanisk hage og veksthuset på Milde. Dette inneber stell og vedlikehald av utstillingar og hageanlegg.

  • Registrering og oppfylging av planteinformasjon.

  • Informasjonsarbeid retta mot publikum som nyttar anlegga.

  • Arbeidet vert utført ute heile året. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Anleggsgartnar med fagbrev eller gartnar med fullført utdanning. Tilsvarande kompetanse kan og vera aktuelt.

  • Erfaring frå planting og vedlikehald av ulike planteslag.

  • God plantekunnskap og stor interesse for planter.

  • Førarkort for bil og traktor, erfaring frå arbeid med ulike maskiner.

  • God helse, arbeidsoppgåvene kan til tider vere fysisk tunge og føregår ute.

  • Kunne bruke data som arbeidsverktøy og ha god teknisk forståing. 

I vurderinga blir det lagt vekt på personlege eigenskapar; gode samarbeidsevner, lika å jobbe i team, og kunna arbeide sjølvstendig. Du må vere arbeidsam, løysingsorinetert, initiativrik og ha ei positiv innstilling.

 

Vi tilbyr:

  • Eit hyggeleg, utfordrande og til tider hektisk arbeidsmiljø i flotte omgjevnader.

  • Løn som forskingsteknikar (kode 1512) lønssteg 34-48 (etter kvalifikasjonar). Dette utgjer for tida kr. 347.700-421.800 i det statlege lønsregulativet.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).

  • Gode velferdsordningar.

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib/

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar kan ein få frå seksjonssjef Inger Elisabeth Måren, telefon 55 55 58 72 55 eller 55 58 49 03, e-post inger.maaren@uib.no eller frå driftsleiar Bodil Oma, telefon 416 41 197, e-post bodil.oma@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom søkjaren får melding om det.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 01.08.2017

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    139744
  • Intern-ID
    17/7418
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger