Universitetet i Bergen

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Postdoktorstillingar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig inntil tre fireårige stillingar som postdoktor frå 1.1.2018.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillingane er opne for søkjarar innanfor alle fag og disiplinar ved instituttet: allmenn lingvistikk, datalingvistikk, allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag (gresk, latin), kunsthistorie, nordisk litteraturvitskap, nordisk fagdidaktikk, nordisk språkvitskap, norsk som andrespråk, norrøn filologi og teatervitskap. Postdoktoren vil bli knytt til ei av forskargruppene ved instituttet.

Det er eit krav at prosjektet knyter seg til det faglege arbeidet ved instituttet og at det er relevant i høve til problemstillingar i den forskargruppa som er aktuell for søkjaren. Søkjaren må gjere greie for dette i søknaden. Eit oversyn over forskargruppene ved instituttet finn ein her: http://www.uib.no/lle/23102/forskergrupper. Sjå instituttets heimesider www.uib.no/lle for meir informasjon om instituttet.

Den faglege styrken til søkjarane og forskingsprosjektet deira vil, i tillegg til relevansen av prosjektet, vere hovudkriterium når ein rangerer og innstiller søkjarane. Det vil også verte lagt vekt på evne til fagleg formidling og nettverksbygging.

I valet mellom jamgode søknader og under elles like vilkår reserverer instituttet seg retten til å syte for ei rimeleg fordeling mellom fagområda ved instituttet ut frå ei vurdering av mellom anna ressurssituasjon og strategiske satsingar.

 

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha levert doktoravhandlinga si til bedømming innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at avhandlinga er godkjend før tilsetjing kan skje.

Doktoravhandlinga må vere innanfor eit emne som er relevant for fagtilbodet og forskingsaktiviteten ved instituttet.

Søkjaren må arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.


Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Søkjarane skal leggje fram eit prosjekt for arbeidet i postdoktorstillinga. Prosjektomtalen skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Tilsetjing i postdoktorstillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og jamleg tek del i arbeidet ved instituttet, og at ein elles rettar seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.

  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/LR24) i statens lønsregulativ, for tida kr. 490 900 per år. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskingsleiar Anne Beate Maurseth på e-post anne.maurseth@uib.no eller tlf. +47 55 58 24 92, eller til administrasjonssjef Siri Fredrikson på e-post siri.fredrikson@uib.no eller tlf. +47 55 58 22 95.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju før innstilling om tilsetjing blir gjort.

 

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via link på denne sida «SØK STILLINGEN» Dette må følgje den elektroniske søknaden:

  • Prosjektomtale (inntil 5 sider)


  • Framdriftsplan for prosjektet


  • Litteraturliste for prosjektomtalen

  • Eit kort samandrag av doktoravhandlinga. (Er doktorgraden utanlandsk, må sjølve avhandlinga sendast inn.)


  • Attestar og vitnemål frå universitet/høgskole som dokumenterer relevant utdanning for søknaden (skanna versjon)

  • Inntil 5 vitskaplege arbeid

  • Navn og kontaktinformasjon på to referansepersonar

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Vitnemål som ikkje er utferda ved nordiske lærestader, må også liggje føre i omsetjing til eit skandinavisk språk eller til engelsk.

Søkjarar som vil ha vurdert vitskaplege arbeid som er skrivne på eit anna språk enn skandinavisk (norsk, dansk eller svensk) eller engelsk, må kontakte leiaren i den aktuelle forskargruppa (sjå ovanfor) og forhøyre seg om dette let seg gjere. Doktoravhandlinga kan vere eitt av desse arbeida. Er den frå eit utanlandsk universitetet, må avhandlinga leggjast ved. Ei liste over arbeida må leggjast ved.

Søknadsfrist: 20.8.2017

Merk søknaden: 17/6137

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    139675
  • Intern-ID
    17/6137
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger