Universitetet i Bergen

Eiendomsavdelingen

Tekst: Del framtiden/Ta del i framtiden

Driftsleiar

Eigedomsavdelinga har ansvaret for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin bygningsmasse, som omfattar omlag 90 bygg med i alt 377.000 m2, inkl. leige av 73.000 m2.

Avdelinga har ca. 100 tilsette og forvaltar eit driftsbudsjett på ca. 400 mill. og eit investeringsbudsjett på ca. 115 mill. Avdelinga er organisert i tre einingar - Prosjekt, Drift og Areal, i tillegg til ein administrativ stab. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstadvollen/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.

Drift har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. Bygningsmassen er inndelt i fem driftsområde med eigen drift, samt noko innleigd drift. Driftsområda vert leia av ein eigedomsforvaltar som rapporterer til seksjonssjef Drift.

 

DRIFTSLEIAR

 

Ved Eigedomsavdelinga, Drift er det ledig ei fast 100 prosent stilling som Driftsleiar. Stillinga er i dag plassert i driftsområde 2. Dette driftsområdet har mellom anna ansvaret for Studentsenteret, sentraladministrasjonen og psykologisk fakultet.

 

Er du ryddig og strukturert og likar å leie andre? Da er du kanskje driftsleiaren vi ser etter. Vi er på jakt etter deg som er flink til å handtere mange ballar i lufta samstundes og i samsvar med våre verdiar som er: Samhandling, respekt, redelighet og åpenhet.

 

Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver og krev difor at du innehar kunnskapar innanfor fleire felt. Vi ser etter ein person som har erfaring innan for økonomi, administrasjon og bygningsdrift. Du må ha gode data kunnskapar, og generelt vere analytisk anlagt.

Du må kunne jobbe i team og få teamet til å jobbe saman mot same mål. Vi ser etter deg som er løysnings- og samarbeidsorientert og som evnar å sjå moglegheiter.

Stillinga inngår i leiarteamet for driftsområdet og rapporterer til eigedomsforvaltaren.

 

Arbeids- og ansvarsoppgåver: 

  • Ein stor del av jobben vil vere å motivere og leie medarbeidarane til å oppnå optimal produksjon og du vil vere ein pådrivar for kontinuerlege forbetringar.

  • Vi forventar at du styrer oppdraga med tanke på at alle skal komme heim like heile som da dei kom på jobb. Tryggleik er viktig for oss på UiB

  • drift og vedlikehald av bygg og tekniske installasjonar i samsvar med lover og forskrifter

  • følgje opp og utvikle interne rutinar

  • offentlege innkjøp av varer og tenester i samsvar med driftsområdet sitt budsjett

  • setje fokus på brukar- og leverandørforhold og yte service både mot brukarar og internt i eigen organisasjon

  • Rapportering iht. oppsatte mål

 

 

Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar: 

  • Relevant utdanning, til dømes teknisk fagskule, sekundært fagarbeidarutdanning med fagbrev, fortrinnsvis innan byggtekniske fag. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning

  • Relevant erfaring frå drift og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg.

  • Minimum 2 års relevant og dokumentert leiarerfaring og evne til å organisere

  • Bruk av IT-verktøy er sentralt i arbeidskvardagen og er noko du må meistre godt.

  • Erfaring fra budsjett og økonomi

  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg

     

Vi ser det som ein føremon at søkjar har: 

  • erfaring med edb-baserte verktøy som SD-anlegg, brannalarm-anlegg, adgangskontroll m.m.

  • kunnskap om offentlege innkjøp

  • god fleirfagleg innsikt og økonomisk forståing

 

Personlege eigenskapar: 

  • godt humør og stå-på-vilje

  • ryddig og strukturert og like å leie andre

  • vere flink til å handtere mange ballar i lufta samstundes

  • initiativrik med interesse for utvikling og endring

  • effektiv og analytisk anlagt

  • serviceinnstilt

  • kvalitetsbevisst

  • resultatorientert

  • vere løysings- og samarbeidsorientert men samtidig kunne arbeide planmessig og sjølvstendig

  • bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima, våre verdier er: Samhandling, respekt, redelighet og åpenhet..

 

 

Hos oss kan du vente:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • løn etter stillingskode som driftsleiar (kode 0400) i løn frå kr 474 700 – 569 000 (ltr.55-65) etter kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
  • opplæring og moglegheit for vidareutdanning og utvikling
  • velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
  • medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

 

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib/

 

Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass: https://w3.uib.no/nb/eia/88612/eia-som-arbeidsplass#

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Eiendomsforvalter Tone Wold, Driftsområde 1 og 2, tlf. 950 46 018

Seksjonssjef Drift Jan-Terje Nygaard, tlf. 915 64 650

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.

 

Søknadsfrist: 5. august 2017

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    5. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Drift
  • Jobbnorge-ID
    139657
  • Intern-ID
    17/7176
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger