Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Stipendiat i måleteknologi og instrumentering (gamma-tomografi)

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat innan måleteknologi og instrumentering (gamma-tomografi).


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen (UiB) har meir enn 30 års erfaring med utvikling og bruk av prosesstomografi. Instituttet sitt hovudfokus innan prosesstomografi har vore bruk av gamma-tomografi for tverrsnittsavbilding av fleirfasestrøyming. Instituttet disponerer blant anna ein gamma-tomograf som består av fem 241Am radioaktive kjelder med 85 korresponderande CdZnTe detektorar. Hovudsakleg vert gamma-tomografen nytta som referanseinstrument for utvikling og testing av ulike strøymingsinstrument.


I prosjektet skal instituttet sin gamma-tomograf vidareutviklast som referanseinstrument i eksperimentelle måleoppsett. I tillegg skal den testas mot ein nyutvikla gamma-tomograf ved forskingsinstitusjonen Saskatchewan Research Council (SRC) i Saskatoon (Canada), denne består av fem 241Am radioaktive kjelder med 4480 korresponderande detektorelement (pixlar). Prosjektet består av tre hovuddeler:


  1. Statisk og dynamisk karakterisering av UiB sin gamma-tomograf, dette inkluderer vidare karakterisering av gamma-tomografen med passande utforma fantom, utvikling og validering av vektmatriser for rekonstruksjon av data, samt vidareutvikling av datagrensesnittet for gamma-tomografen både i LabVIEW og Matlab. Vidare skal gamma-tomografen sin dynamiske respons (rotasjon og translasjon) karakteriserast.

  2. Eksperiment med UiB sin gamma-tomograf for verifisering av strøymings-instrumentering i fleirfaserigg. Dette inkluderer blant anna vidare testing av strøymingsforhold etter T-bend og gjennom Venturi-struping i fleirfasestrøyming. Vidare skal gamma-tomografen sin samla måleusikkerheit bestemmast, og det skal utviklast programvare for analyse av tomografdata med fokus på 3D-framstilling av tomogram.

  3. Statisk og dynamisk testing av SRCs gamma-tomograf med fokus på karakterisering av tomografen med ulike detektorkonfigurasjonar. Vidare skal det undersøkast om det er mogeleg å nytte SRC-tomografens konfigurerbare detektorkonfigurasjon for å bestemme strøymingshastigheita til mediet ved krysskorrelasjon. Det skal vidare gjerast komparative statiske og dynamiske testar på fantom for å samanlikne ytinga mellom UiB- og SRC-tomografane. Det vert og opna for moglegheita for å simulere SRC-tomografen basert på Monte Carlo teknikkar.

Det er ein forventning at den som vert tilsett er villig til å opphalde seg i kortare og/eller lengre periodar hos våre utanlandske samarbeidspartnarar dersom dette er føremålstenleg for prosjektet. Aktuelle forskingspartnarar er Saskatchewan Research Council i Saskatoon (Canada), IPEN (Institute of Energy and Nuclear Research) i Sao Paulo (Brasil) og University of Manchester (England).

 

Det er vidare forventa at den tilsette deltar i veiledning av masterstudentar med prosjektoppgåver relatert til gamma-tomografi.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysikk eller måleteknologi og instrumentering, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må kunne dokumentere gode kunnskapar i måleteknologi og instrumentering samt strålingsfysikk. Det vert forventa særs gode kunnskapar i matematikk.
  • Søkjarar må kunne dokumentere gode kunnskapar i programmering i Matlab og LabVIEW.
  • Erfaring frå tilsvarande forskingsprosjekt vil bli vektlagt.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Det er ein føremon om søkjaren har gode norskkunnskapar

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 ved tilsetjing (kode 1017). Dette utgjer ei årsløn på kr 432 700,-brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Bjørn Tore Hjertaker mobil: +47 928 09 028, e-post: bjorn.hjertaker@uib.no, Institutt for fysikk og teknologi.


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    139625
  • Intern-ID
    2017/7427
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger