Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Professor / Førsteamanuensis i havteknologi

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som professor / førsteamanuensis i havteknologi. Stillinga er knytt til forskingsgruppa i elektronikk og måleteknologi.


Det må gå fram av søknaden om ein søkjer stilling som professor eller førsteamanuensis.

Om Instituttet

Institutt for fysikk og teknologi er eitt av åtte institutt under Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Til instituttet høyrer for tida 33 fast vitskapleg tilsette og 25 fast teknisk-administrativt tilsette. Instituttet har om lag 50 postdoktorar/stipendiatar, ca. 80 ph.d.-studentar og ca.120 mastergradsstudentar.


Institutt for fysikk og teknologi gir undervising som leiar fram til gradane bachelor, master og ph.d. Instituttet har ansvar for fire studieprogram til bachelor- og mastergraden: fysikk, havteknologi, petroleumsteknologi og prosessteknologi, og bidrar også i studieprogramma i nanovitskap og energi. For nærare omtale sjå: http://www.uib.no/ift

 

Stillingsomtale:

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlige plikter og andre forhold som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn ein lenger nede på sida.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad i fysikk/ måleteknologi og instrumentering eller tilsvarande utanlandsk utdanning innan søknadsfristen er ute.
  • Det er forventa at den som vert tilsett har sterk forskingserfaring i emne relatert til havteknologi retta mot måleteknologi og instrumentering. Det er vidare forventa at den som vert tilsett, kan initiere relevante forskingsprosjekt og drive forsking i samarbeid med relevante eksterne og interne forskingspartnarar. Dette inkluderer også å definere master- og doktorgradsprosjekt, og dessutan rettleiing av studentar innan havteknologi.
  • Søkjarar må også dokumentere evne til å skaffe eksterne prosjektmidlar.
  • Det vert det lagt vekt på erfaring i leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet og erfaring frå forskingsstrategisk arbeid.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Undervisning - kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn


  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising
  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne undervisningsprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

 

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

 

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 74-79 (kode 1013) tilsvaranda NOK 667 300 – 766 600 i statens lønsregulativ ved tilsetjing som professor. Løn etter lønssteg 64-72 (kode 1011/lønsramme 24, alternativ 8) tilsvarande NOK 553 200 – 648 100 i statens lønsregulativ ved tilsetjing som førsteamanuensis. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensar i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15. september kvart år.


Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs
  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Bjørn Tore Hjertaker, mobil (+47) 928 09 028, e-post bjorn.hjertaker@uib.no, eller instituttleiar, professor Øyvind Frette, tlf. (+47) 55 58 27 60, e-post oyvind.frette@uib.no.


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om det.


Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Stillingsomtale / Stillinga sitt vitskaplege fokus

Utforsking, kartlegging og overvaking av marine miljø og ressursar har grunnleggjande betyding for utviklinga av fiskeri- og havbruksnæringa, for overvaking av marine miljø (havstraumar, biomasse, økosystem, havbotntopografi og havbotneigenskaper), for klima (havtemperatur og ismasse i nordområda), for fornybar energi (bølgje- og offshore vindkraft), for petroleumsnæringa, samt ved utforsking av nye mineral- og bioressursar i djuphava. Verdiskapinga i den marine næringa i Norge er sterkt veksande og vil vere sentral for næringsutviklinga i åra framover. Bergensområdet og Vestlandet står for 56 prosent av norsk forsking og utdanning innan marine fag med ein tilhøyrande variert marin industri som både er framstilla og brukar av teknologi tilknytt havet.


Til denne sentrale nærings-, forskings- og utviklingsverksemda blir det frå hausten 2017 starta opp eit 5-årig integrert masterprogram (sivilingeniør), samt eit 2-årig masterprogram i havteknologi med fokus på teknologi i marine miljø. Utdanningsprogrammet i havteknologi er eit utdanningssamarbeid mellom Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Sjøkrigsskolen.


Studieprogrammet i havteknologi har to studieretningar; «Marin måle- og styringsteknologi» og «Marine installasjonar». I studieretninga «Marin måle- og styringsteknologi» kan ein velje spesialisering i akustikk eller optikk. I studieretninga «Marine installasjonar» kan ein velje spesialisering i konstruksjon eller drift og vedlikehald. Vidare spesialisering i mastergraden vil for begge studieretningane tematisk vere mellom anna miljøovervaking, fiskeri/ havbruk, marine mineralressursar og olje og gass, eller en kombinasjon av disse.


Instituttet er pådrivar for universitetet si satsing innan havteknologi, og det er ein føresetnad at den tilsette professoren/ førsteamanuensen tar aktivt del i den vidare satsinga i fagfeltet. Dette inkluderer også å ta ansvar for instituttet si deltaking i søknader om forskingssamarbeid innan havteknologi både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Eit eksempel på dette er det pågåande søknadsarbeidet der instituttet jobbar med å få eit Senter for Forskingsretta Innovasjon (SFI) tematisk relatert til havteknologi saman med partnarar frå industri- og instituttsektoren samt akademia.


Professoren/førsteamanuensen vil få særlig ansvar for undervisning og forsking innan havteknologi med vekt på måleteknologi og instrumentering samt integrert monitorering. Erfaring med robotikk, samt praktisk bruk av akustiske og/eller optiske sensorar i havrommet er ein fordel. Ved vurderinga vil ein og leggje vekt på dokumentert industriell erfaring relatert til havteknologi.


Den som vert tilsett, må kunne dokumentere omfattande faglege kvalifikasjonar innan vesentlege delar av fagområdet måleteknologi og instrumentering. Vedkommande må også dokumentere vitskapeleg kompetanse innan ein eller fleire delar av fagområdet havteknologi. Ein vil leggje vekt på evne til å initiere og leie forskings- og utviklingsarbeid.


Den som får stillinga, må ha evne til problemløysing og raskt å oppnå forskingsresultat, vere inkluderande og oppmuntrande i sitt arbeid med studentar, og aktivt bygge og pleie nye forskingskontaktar både internt ved instituttet og internasjonalt.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    139610
  • Intern-ID
    2017/7227
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger