Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Administrasjonssjef - mellombels tilsetjing (vikariat)

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei mellombels stilling (vikariat) som administrasjonssjef for snarlig tiltredelse og frem til og med 31. mai 2018. For informasjon om instituttet sjå http://www.uib.no/ii

 

Om instituttet

Instituttet har 6 forskingsgrupper: algoritmar, bioinformatikk, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Instituttet er rangert først i Norge på forskingskvalitet av Forskingsrådet. For meir informasjon, sjå http://www.uib.no/ii

 

Ansvarsområde

Administrasjonssjefen sitt ansvar omfattar eit breitt spekter av oppgåver med eit særskilt ansvar for den administrative leiinga av instituttet. Administrasjonssjefen er dagleg leiar av administrasjonen og har personalansvar for dei tilsette i administrasjonen. Næraste overordna er instituttleiar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Gi støtte og råd til instituttleiar i administrative spørsmål
  • Vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet og fylgje opp gode administrative prosedyrar og rutinar i samsvar med dei retningsliner og reglar som gjeld ved universitetet
  • I samarbeid med instituttleiar har administrasjonssjefen ansvar for økonomistyring, ressurs-disponering og at areala som instituttet disponerer, blir optimalt og forsvarleg nytta.
  • Gi støtte for å styrke instituttets eksterne finansiering
  • Ha tilsyn med og oppfølging av HMS-ansvaret ved instituttet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarane må ha utdanning på mastergradsnivå
  • Dokumentert erfaring med støtte til ekstern prosjektinnhenting
  • God administrativ IT-kompetanse er eit krav
  • Søkjarane må beherske engelsk skriftleg og munnleg
  • Det er ein føremon med økonomikompetanse
  • Det er ein føremon med kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • Positiv, utadvendt, sjølvstendig og resultatorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

 Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 62–66 (1058) i det statlege lønsregulativet
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 

Søknadsfrist: 5. juli 2017

Informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Petter Bjørstad, e-post: Petter.Bjorstad@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    5. juli 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    139560
  • Intern-ID
    2017/6402
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger