Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Overingeniør / avdelingsingeniør (programmerer)

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei fast stilling som overingeniør/avdelingsingeniør i eksternt finansiert verksemd. Dei første to åra vil stillinga hovudsakleg bli knytt til prosjektet "Building the bridge between high-throughput omics analyses and novel biomedical knowledge" som ein del av Barsnes-gruppa (cbu.uib.no/barsnes) og finansiert av Bergens forskingsstiftelse.

Stillinga er ein del av Computational Biology Unit (CBU) (cbu.uib.no), eit leiande senter for både grunnleggjande og anvend bioinformatisk forsking. CBU tilbyr støtte og hjelp for brukarar innan livsvitskap (life science), og koordinerer bioinformatikk-utdanninga for neste generasjon biologar og bioinformatikarar. Programmeraren vil dra nytte av dei erfarne medarbeidarane innan programvareutvikling ved Servicegruppa ved CBU (cbu.uib.no/cbu-service-group), ein viktig del av arbeidsmiljøet i tillegg til Barsnes-gruppa.

Dersom ingen av søkjarane kvalifiserer for ei stilling som overingeniør, vil vi vurdere å tilby ei stilling som avdelingsingeniør. Kvalifikasjonskrava vil då bli tilsvarande redusert.

Arbeidsoppgåver
Stillinga inneber utvikling og vedlikehald av programvare for analyse og deling av biomedisinske data, enten i ein webbasert samanheng, til dømes CSF-PR (probe.uib.no/csf-pr-2.0), eller som frittståande program, til dømes PeptideShaker (compomics.github.io/projects/peptide-shaker.html).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarane må ha mastergrad i informatikk, helst innan bioinformatikk. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant erfaring knytt til utvikling av webbasert programvare
  • Svært gode Java programmeringsferdigheiter. Erfaring med Python vil vere ein fordel
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt
  • God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som overingeniør (kode 1087), lønssteg 53–58 i det statlege lønsregulativ (kr 459 100–499 600), alternativt som avdelingsingeniør (kode 1085), lønnssteg 47-52 (416 600–451 300 kr). For særskilte kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknadsfrist: 9. juli 2017

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskar Harald Barsnes, Institutt for informatikk og Institutt for biomedisin, e-post: harald.barsnes@uib.no / telefon: +47 55 58 66 65.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    9. juli 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    139538
  • Intern-ID
    2017/7338
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger