Universitetet i Bergen

Institutt for biologi

Stipendiat i eksperimentell parasittologi

Ved Institutt for biologi er det ledig ei stilling som stipendiat i eksperimentell parasittologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og er knytt til Sea Lice Research Centre, SLRC.

 

SLRC er eit Senter for forskingsbasert innovasjon (SFI) som er etablert via Noregs Forskingsråd. SLRC har som mål å vere internasjonalt leiande i forsking for å utvikle nye metodar for å kontrollere lakselus. Senteret har tre akademiske partnarar og fem industripartnarar, og totalt er det ca. 40 personar som arbeider i senteret.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Forskinga i senteret er organisert i 6 ulike arbeidspakkar og vertsinstitusjon er Universitetet i Bergen. Målet med prosjektet er å auke kunnskapen om korleis RNA interferens (RNAi) verkar i lakselus og å undersøkje om ein kan nytte denne kunnskapen til å utvikle nye metodar for å kontrollere lakselus. RNAi er ein del av cellene sin måte å regulere genaktivitet på og er i tillegg ein viktig del av det cellulære anti-virale systemet i vertebratar. Ved å injisere dobbeltråda RNA kan ein hos lakselus oppnå nedregulering av genaktivitet som skjer via RNAi-reaksjonsvegen. I prosjektet vil ein særleg undersøkje kva for eigenskapar RNA-molekyl må ha for at ein oppnår effektiv RNAi-effekt og teste ut ulike måtar ein kan introdusere RNA-molekyl på i lakselus.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i biologi, molekylærbiologi eller liknande realfag, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Du må ha erfaring frå eksperimentelle studiar, og bruk av molekylærbiologiske metodar er eit krav og skal gjerast greie for i søknaden.

  • Erfaring frå arbeid med lakselus er eller liknande evertebratar er ei føremon.

  • Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner

  • Du må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

 

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert

  • Relevante attestar

  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt pr. post til enkeltpersonar, vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Frank Nilsen, direktør SLRC.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    29. juni 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    139502
  • Intern-ID
    2017/2884
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger