Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Stipendiat i mikroelektronikk (4 stillinger)

Ved Institutt for fysikk og teknologi  er det ledig fire stipendiatstillingar knytt til mikroelektronikkgruppa, i samarbeid med gruppa i subatomær fysikk og Birkelandsenteret for romforsking.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjekta er tilknytt eit stort nettverk med forskarar frå Institutt for fysikk og teknologi, CERN og andre nasjonale og internasjonale partnerar. Stilling A er innan proton-CT prosjektet, to (B og C) er innan ALICE-prosjektet ved CERN og ei (D) innan DEEP-prosjektet.

 

Stilling A

Stilling A er assosiert til prosjektet «Klinisk prototype av ein proton CT scannar basert på eit sporingskalorimeter» som er finansiert av Noregs Forskingsråd og UiB. Talet på kreftpasientar som er behandla med proton- og karbon-strålingsterapi er aukande i verda i dag. Difor er det viktig å utvikle biletdannande funksjon basert på proton CT data for doseplanlegging, og verifikasjon av posisjon og doseavsetting. Dette prosjektet har som mål å utvikle ein nyskapande (pre)-klinisk proton CT prototype som kombinerer ein sporsøkar og eit kalorimeter i eit kompakt instrument. Proton CT prototypen vil verte ein tredimensjonal sporingsdetektor som er bygd opp av sensorlag av nesten berre silisium (MAPS teknologi), med absorbatormateriale mellom sensorlaga. Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Haukeland Universitetssjukehus, Høgskulen på Vestlandet og internasjonale partnare, og femner om fleire Postdocs, Ph.D.-ar og Masterstudentar.

 

Kandidaten vil være involvert i design av utlesingskjeda av MAPS brikkene, i konstruksjonen av prototypen til den FPGA-baserte utlesingselektronikken, og i karakterisering av heile kjeda, frå detektor til datainnsamling.

 

Stilling B og C

To stillingar er innan ALICE eksperimentet på CERN, og er assosiert med gruppa for eksperimentell kjernefysikk og gruppa for mikroelektronikk ved Institutt for fysikk og teknologi. ALICE eksperimentet på CERN førebur ei oppgradering av apparaturen som skal verte installert i den andre lange nedstengingsperioda for LHC i åra 2019-20. Eit nøkkelelement er den nye Inner Tracking System (ITS) detektoren som er bygd opp av 7 kosentriske lag av pikseldetektorar (MAPS). Desse sensorane er tett integrert på ein tilpassa CMOS IC (ALPIDE).

 

Utlesinga av ALPIDE ICen vert gjort av 192 spesialtilpassa kretskort kalla Readout Units. Desse er plassert midt i strålingssona, ikkje langt frå interaksjonspunktet. Utlesingskortet bruker for det meste kommersielle komponentar, noko som betyr at strålingstolerant FPGA design, strålingstesting av elektronikk og systemintegrasjon er sentralt i arbeidet til den eine stillinga.

 

Desse utlesingskorta vil så sende data vidare til Common Readout Units (CRUs), som er spesialutvikla kretskort som vil vere å finne i ein datamaskin langt borte frå strålingsmiljøet. CRU vil også vere ansvarleg for oppgåver knytt til kontrollsystem, så som konfigurasjon, monitorering og handsaming av feil, både for Readout Units og ALPIDE brikkene. Sidan CRUen nærmast er som eit nav for oppgåver knytt til både utlesing og kontroll for ALICE ITS detektoren, vil FPGA og software-designet vere ei viktig oppgåve som er godt tilpassa ein Ph.D. kandidat som er interessert i systemintegrasjon og digital design.

  

Stilling D

Den siste stillinga er knytt til Birkeland Centre for Space Science (BCSS), som er delt i to grupper for instrumentering og fire grupper for forsking. Det viktigaste spørsmålet til BCSS er å forstå korleis jorda er kopla til verdsrommet.

 

Kandidaten vil vere ein del av instrumenteringsgruppa innan mikroelektronikk, i tillegg til forskingsgruppa som studerer partikkelutfelling og effekten det har på det atmosfæriske systemet. Oppgåva til kandidaten vil vere å utvikle ei utlesingskjede, inklusiv ein lavstøy for-forsterkar og kontrollelektronikk for eit partikkelinstrument som kan verte installert på ein liten satellitt. Instrumentet, Distribution of energetic electron and proton (DEEP), skal detektere elektronar (30-500 keV) og protonar (30 keV-10 MeV). Målingane skal ha god energi-, vinkel- og tidsoppløysing. Målingane skal gjerast utan avbrot over heile banepass for såleis å måla kor sterk partikkelnedbøren er i den øvre delen av atmosfæren vår.

 

Kandidaten vil arbeide med heile utlesingskjeda, frå den analoge fronten til den digitale delen som nyttar FPGAer. Å designe elektronikk for bruk i verdsrommet vil også gi miljømessige utfordringar, til dømes ekstreme temperaturvariasjonar, stråling, vibrasjon og utgassing. Utforminga til DEEP instrumentet betyr og at vekt, storleik og strømforbruk er viktige avgrensingar som må takast omsyn til under designprosessen.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysikk eller mikroelektronikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk og munnleg
  • Det er ein føremon om søkjaren kan norsk
  • Søkjaren må ha gode kunnskapar i mikroelektronikk og systemintegrasjon
  • Det er ein stor føremon med ferdigheiter innan eksperimentell høgenergi kjernefysikk eller romfysikk og programmering i UNIX-miljø.
  • Kompetanse og interesse innan de forskjellige retningane vil bli vektlagt
  • Erfaring frå tilsvarande forskingsprosjekt er viktig, og vil bli vektlagt.

Om stipendiatstillinga

Stillingane B, C og D har samla stipendperiode på 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Stilling A har stipendperiode på 3 år.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 ved tilsetjing (kode 1017). Dette utgjer ei årsløn på kr 432 700,-brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søkjar må spesifisere kva stilling han/ho søkjer eller om fleire av stillingane er aktuelle. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Johan Alme tlf. 55 58 27 46, e-post: johan.alme@uib.no eller professor Kjetil Ullaland, tlf 55 58 28 71, e-post: kjetil.ullaland@uib.no, Institutt for fysikk og teknologi.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    5. juli 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    139468
  • Intern-ID
    2017/7364
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger