Universitetet i Bergen

Institutt for biologi

Teskt: Skap relevans. Vær utforskende

Stipendiat i fiskefysiologi/akvakultur

Ved Institutt for biologi er det ledig ei stilling som stipendiat i fiskefysiologi/Akvakultur. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, knytt til prosjektet ”Greenbag- ny og innovativ produksjonsplattform for lukket oppdrett” finansiert av Regionalt forskningsråd Vest.

 

Om prosjektet

Dei siste åra er det brukt store resursar på utvikling av lukka anlegg for oppdrett av laksefisk. For å oppnå god lønnsemd i lukka anlegg, må fisketettleiken vere høg. Det er då viktig at fisken sin velferd, helsetilstand og vekst ikkje vert skadelidande.

 

Stipendiaten skal arbeide i eit forskningsprosjekt (Greenbag) der målet er å kartleggje bruk av lukka anlegg for intensiv produksjon av postsmolt under ulike tettleikar.

 

Om stipendiaten sine arbeidsoppgåver

Stipendiaten skal ha spesielt fokus på å kartleggja og forstå stressrespons, appetittregulering, fôrinntak og vekst til laksen i dei ulike annleggstypane. Mykje av laboratoriearbeidet vil omfatte analyser av utrykk av gen som er relatert til desse funksjonane. Dette inkluderer mRNA markørar som er relatert til stress, adaptiv kapasitet mot endringar i miljø, og appetittindikatorar (neuropeptidar). Eit hovudmål er å forstå samanhengen mellom stress og appetittkontroll og dei fysologiske/endokrine mekanismane som er involverte.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må hå oppnådd mastergrad eller tilsvarande i biologi, molekylærbiologi, fysiologi eller endokrinologi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Må ha god kjennskap til grunnleggjande molekylærbiologiske metodar, inkludet qPCR

  • Røynsle frå eksperimentelt arbeid med fisk er ynskjeleg

  • Det er ynskelig med ein kandidat som har kjennskap til havbruksnæringa

  • Må kunne jobbe sjølvstendig i felt, bl.a med prøvetakning

  • Må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner

  • Må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg

  • Gode norskkunnskapar er ynskjeleg 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

 

Søknaden skal innehalde:

  • Eit motivasjonsbrev (maks 1,5 sider) som også inneheld ei kort utgreiing av korleis hans / hennar kompetanse og interesser passar til hovudmåla og metodane i prosjektet.Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert

  • Relevante attestar

Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt p. e-post til enkeltpersonar vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Ivar Rønnestad.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    9. juli 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    139278
  • Intern-ID
    2017/5753
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger