Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Marie Skłodowska-Curie stipendiat ved Birkeland Centre for Space Science (BCSS)

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stipendiatstilling knytt til Birkeland Centre for Space Science, Universitetet i Bergen. Stillinga er ein del av nettverket Horizon 2020 Marie Skłodowska-Curie Action – Innovative Training Network (ITN) SAINT.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år.

 

Prosjekt/Arbeidsoppgåver:

Prosjektet skal studere jordiske gammaglimt (Terrestrial Gamma-ray Flashes, TGF) og deira samanheng med lynutladingar. Prosjektet vil bli utført ved Birkeland Centre for Space Science, i samarbeid med selskapa NOWCAST GmbH i Tyskland og DENA i Spania.

 

Birkeland Centre for Space Science (BCSS) er organisert i to instrumentgrupper, ei formidlingsgruppe og fire forskingsgrupper, som skal svare på spørsmåla:

1) When and why is the aurora in the two hemispheres asymmetric?

2) How do we get beyond the static large-scale picture of the ionosphere?

3) What are the effects of particle precipitation on the atmospheric system?

4) What is the role of energetic particles from thunderstorms in geospace?

 

Stipendiaten vil arbeide i forskingsgruppa som fokuserer på spørsmål 4. BCSS er ei verdsleiande forskingsgruppe i dette fagfeltet. Gruppa er også involvert i design og bygging av instrumentering i verdsrommet (ASIM, FEGS) som skal måle TGF, dataanalyse (BATSE, RHESSI and AGILE), elektriske utladningar i laboratoriet, and modellering (Monte Carlo, GEANT).

 

Jordiske gammaglimt (TGF) er kortvarige (sub-millisekund) utsendingar av gammastråling frå lyn-aktivitet og er resultatet av den mest energetiske naturlege akselerasjonsprosessen av partiklar på Jorda. TGF blei først observert i 1991, og TGF blir no rutinemessig observert av satellittar innan astrofysikk på energiar opp til nokre titals mega-elektronvolt. Sjølv om det er generell konsensus rundt ei grunnleggjande fysiske mekanismane for TGF produksjon, er det framleis fleire spørsmål utan svar. For eksempel; kor mange TGF finst det, kva er den eksakte samanhengen mellom TGF og lyn-prosessen, eller påverkar TGF kjemi og dynamikk i atmosfæren?

 

Målet med dette prosjektet er å bestemme kva type lyn som genererer TGF, å karakterisere kjeldeeigenskapane og den globale fordelinga av TGF, og å utvikle eit konsept-design av ein algoritme som kan kjenne att signaturen i data frå 3D-lyndeteksjonsnettverk av høg-energi strålingseventar.

 

Den som blir tilsett vil få mogelegheita til å arbeide med data frå Atmosphere-Space Interaction Monitor (ASIM), den første prosjektet i verdsrommet som er spesielt designa og bygt for å studere TGF og relaterte fenomen. ASIM skal skytast opp og monterast på den internasjonale romstasjonen tidleg i 2018. TGF-data vil bli samanlikna med bakkebaserte lyn-målingar frå NOWCAST LINET nettverket, og andre bakkebaserte ressursar, for å studere samanhengen mellom TGF produksjon og lyn-prosessen. I tillegg vil rom- og bakkedata bli tolka ved hjelp av laboratorieeksperiment og simuleringar i samarbeid med andre PhD studentar i SAINT prosjektet.

 

NOWCAST (http://www.nowcast.de/) har utvikla teknologi som gjer det mogeleg å presist måle lyn-utladningar. Systemet kjem frå langvarig forskingsarbeid av Prof. Hans-Dieter Betz ved Ludwig-Maximilians-University i Munchen. I 2002 vart NOWCAST GmbH grunnlagt for å marknadsføre denne teknologien. Sidan den gong har systemet for lyndeteksjon blitt tilbode over heile verda under merkenamnet LINET (Lightning Detection Network). Kjerneaktiviteten til NOWCAST GmbH består av forsking og utvikling i feltet innan lyndeteksjon, og operasjon og sal av lyndeteksjonsystemet LINET og meteorologiske bruksområde frå systemet og stormdata. Den som vert tilsett vil måtte opphalde seg fem månader ved NOWCAST.

 

DENA (INGESCO gruppa) er eit firma for lynbeskyttelse (http://www.labelec.es/). DENA lagar lynbeskyttelseskomponentar, lynvarslingsystem og høgspenningstestar. I tillegg er Labelec eit høgspenningslaboratorium hos DENA. Laboartoriet blir brukt til å teste lynbeskyttelseskomponentar. Laboratoriet har to spenningsimpulsgeneratorar på 1 MV og 2.5 MV og ein impulsstrømgenerator på 100 kA som blir oppgradert til 200 kA. Marknaden for laboratoriet inkluderer også lynbeskyttelse for vindturbinar og fly. Den som blir tilsett vil måtte opphalde seg ein månad ved DENA.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysikk, astronomi, elektrisk/elektronisk ingeniørvitskap, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du kan ikkje ha budd eller hatt din hovudaktivitet i Noreg i meir enn 12 månader i løpet av dei 3 siste åra. Dette er eit krav for alle Marie Curie utvekslingsstipend.
  • Den som vert tilsett, må vere i dei første 4 åra av forskarkarrieren (fulltid tilsvarande forskar erfaring) og kan ikkje ha oppnådd ein doktorgrad.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg flytande.

For denne stillinga søkjer vi spesielt etter kandidatar som oppfyller følgjande punkt:

  • God forståing av grunnleggjande elektromagnetisk fysikk, og vekselverknadar til partiklar med materie
  • Grunnleggjande forståing av fylgjande tema: atmosfærisk elektrisitet, toresky-formasjon, lyn-prosessar som streamer og leaders og radiobølgjeforplanting frå lyn-utladingar
  • Erfaring med analyse av TGF-data og/eller lyndata. Som eit alternativ må søkjaren ha erfaring med dataanalyse frå høg-energi fysikk eller høg-energi astrofysikkeksperiment
  • Erfaring med eit eller fleire høg-nivå programmeringsspråk

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017/LR 20.8 ). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Eein av desse kan vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

førsteamanuensis Martino Marisaldi (martino.marisaldi@uib.no) / tlf: +47 55584620.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    6. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    139234
  • Intern-ID
    2017/6103
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger