Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Stipendiat i datatryggleik - 4 stillingar

Ved Institutt for informatikk er det ledig fire stillingar som stipendiat i datatryggleik. Stillingane er for ein åremålsperiode på 4 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Vi inviterer til søknadar innan fagområde sikker og påliteleg kommunikasjon (inklusive kryptografi), kodeteori, informasjonsteori og generell datatryggleik, inklusive infrastruktur for data og kommunikasjon, så vel som mønster og funksjonalitet for sikker og hardfør software.

Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarane må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i informatikk, matematikk eller eit liknande fagområde. Masterstudentar kan søkje dersom dei skal fullføre sin avsluttande mastereksamen innan 1. september 2017. Mastergraden må vere oppnådd før ein kan tiltre stillinga.

Søkjarane må ha solid bakgrunn innan fagområde som er relevante for prosjektet.

Søkjarane må vere høgt motiverte og vere i stand til å arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

Søkjarane må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.

Det er ein fordel med dokumentert språkkompetanse i norsk då kandidatane er forventa å assistere ved undervisning.

Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Den som blir tilsett, skal arbeide i ei relevant forskingsgruppe på instituttet eller knytt til Simula@uib (https://simula-uib.com), avhengig av kvalifikasjonar og forskingsinteresser.

Om forskarutdanninga
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 4 år (tilsvarande ei 3 års heiltidsstilling). Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

Løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Medlemskap i Statens pensjonskasse

Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

Namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

CV (pdf) (i tillegg til CV i Jobbnorge)

Vitnemål og attestar som er komplett ved søknadsfristen

Dersom du ennå ikkje har fullført din mastergrad, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgivande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 1. september 2017.

Relevante attestar

Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Søknadsfrist: 1. juli 2017


Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: instituttleder Petter Bjørstad (e-post: petter.bjorstad@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

 

 

 

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. juli 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    139151
  • Intern-ID
    2017/6895
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger