Universitetet i Bergen

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Stipendiatstillingar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig inntil fire stillingar som stipendiat innanfor alle fag og disiplinar ved instituttet: lingvistiske fag (allmenn lingvistikk, datalingvistikk), allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag (gresk, latin), kunsthistorie, nordisk litteraturvitskap, nordisk fagdidaktikk, nordisk språkvitskap, norsk som andrespråk, norrøn filologi og teatervitskap. Stillingane er for ein åremålsperiode på fire år med planlagd start 1. januar 2018.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innanfor relevant fagområde. Graden må vere oppnådd før søknadsfristen er ute. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Instituttet vil kunne sende dokumentasjon av utanlandsk utdanning til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.

 

Søkjarar må beskrive eit prosjekt som plasserer seg innanfor eit av dei aktuelle fagområda ved instituttet, sjå ovanfor. Det skal gå fram av søknaden kven som har stadfesta å kunne vere hovudrettleiar for prosjektet. Han eller ho må vere tilsett ved LLE.

 

Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner, og kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.

 

I valet mellom jamgode søknader og under elles like vilkår reserverer instituttet seg retten til å syte for ei rimeleg fordeling mellom fagområda ved instituttet ut frå ei vurdering av mellom anna ressurssituasjon og rettleiingskapasitet.

 

Om stipendiatstillinga

Samla tilsetjingsperiode er fire år, og utdannings- og forskingsdelen av stillinga utgjer tre år. Undervisning og forskingsadministrativt arbeid utgjer inntil eitt år og vert avtalt med instituttet ved tilsetjing. Søkjarar som tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan få frådrag i tilsetjingsperioden. Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB, kan ikkje søkje.

 

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Om forskarutdanninga:

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Dei som vert tilsette, vert tekne opp på UiB sitt forskarutdanningsprogram, som har ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at dei fyller krava for opptak.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.


  • Løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900 brutto.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.

  • Gode velferdsordningar

  • Stilling i ei inkluderande arbeidsverksemd

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Johan Myking, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. E-post Johan.Myking@uib.no. Telefon 55 58 24 18

  • Ph.d.-koordinator Anne Berit Apold, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. E-post anne-berit.apold@uib.no. Telefon 55 58 41 61.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her. Slik søkjer du stillinga:

 

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk i Jobbnorge via lenkja «SØK STILLINGEN»

Søknadsbrevet må innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.


  • Det skal gå fram av søknaden kven som har stadfesta å kunne vere hovudrettleiar for prosjektet. Han eller ho må vere tilsett ved LLE.

  • CV - søkjarar må nytte det elektroniske skjemaet i Jobbnorge

 

Følgjande må lastast opp som vedlegg til søknaden (pdf eller word):

  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad.

  • Prosjektomtale (inntil fem sider, maks 12 000 teikn med mellomrom).

  • Framdriftsplan for prosjektet.


  • Litteraturliste for prosjektet.


  • Samandrag av masteroppgåva (maks 3 sider).


  • Relevante attestar.


  • Eventuelle vitskaplege arbeid (inntil 3)
.

  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).

 

I tillegg gjeld følgjande krav: http://www.uib.no/hf/21760/veiledning-s%c3%b8kere-til-stipendiatstillinger

 

Vitnemål og prosjektbeskriving må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Vitskaplege publikasjonar på andre språk enn skandinavisk og engelsk kan leggjast ved, men instituttet tek atterhald om at fagmiljøet har lesekompetanse i desse språka. Omsetjingar av vitnemål og vitskaplege arbeid må lastast opp som vedlegg til søknaden.

 

Dersom vitskaplege publikasjonar ikkje kan lastast opp i jobbnorge, kan i alt tre eksemplar, sortert i tre bunkar, sendast til Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Postboks 7805, 5020 Bergen

 

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no

 

Søknaden skal merkjast: 2017/5910

Søknadsfrist: 06.08.2017

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    6. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    138791
  • Intern-ID
    17/5910
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger