Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Postdoktor i romfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som postdoktor i romfysikk innan magnetosfæredynamikk som blir driven av vekselverknad mellom solvinden og magnetosfæren. Hovudfokuset til stillinga er tolking av MHD-modellresultat i samband med satellitt- og bakkemålingar. Stillinga er for ein periode på 4 år og knytt til Birkeland Centre for Space Science (BCSS).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

BCSS er organisert i to instrumentgrupper, ei formidlingsgruppe og fire forskingsgrupper, som skal svare på spørsmåla:


1) When and why is the aurora in the two hemispheres asymmetric?

2) How do we get beyond the static large-scale picture of the ionosphere?

3) What are the effects of particle precipitation on the atmospheric system?

4) What is the role of energetic particles from thunderstorms in geospace?

Postdoktoren vil hovudsakleg delta i forskingsgruppa som fokuserer på spørsmål 1. Eit hovudfokus for denne gruppa er å forstå prosessane som skaper asymmetriar i det nære verdsrommet (geospace). Desse strekkjer seg frå effektar som er eksternt drivne, for eksempel på grunn av retninga på det interplanetare magnetfeltet, til interne effektar som plasmasirkulasjon i den indre magnetosfæren, dipol tilt og ulike ionosfæriske eigenskapar som til dømes elektrisk leiingsevne. Ein hovudprosess for både ytre og internt driven dynamikk er også magnetisk reconnection. I tillegg til analyse av satellitt- og bakkedata kan vi lære meir om desse komplekse vekselverknadane gjennom analyse av samtidige moderne simuleringar av forholda i verdsrommet. Det føretrekte verktøyet her er hovudsakleg magnetohydrodynamikk (MHD), men avhengig av bruksområda kan også meir komplekse modellar bli nødvendig. Prosjektet vil fokusere på å forstå utviklinga av magnetosfærisk asymmetri gjennom å kombinere modell- og dataanalyse. Prosjektet vil fokusere på å utvikle konsept som beskriv overgangen mellom ulike tilstandar som er drivne av ulike ytre forhold.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor romfysikk eller eit relatert fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga di til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du må ha gode ferdigheiter innan programmering.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg flytande.

For denne stillinga søkjer vi spesielt etter kandidatar som oppfyller ein eller fleire av følgjande punkt:

  • Djup forståing av den grunnleggjande fysikken bak MHD-tilnærminga som blir brukt til å beskrive magnetiserte plasma
  • Dokumentert forståing av dei teoretiske konsepta ved reconnection i Jordas magnetosfære
  • Dokumentert erfaring i å tolke MHD-modellresultat i samband med satellitt- og bakkemålingar
  • Dokumentert erfaring innan forsking på korleis magnetosfæredynamikken responderer på solvindvekselverknad med magnetosfæren
  • Dokumentert erfaring innan analyse av in-situ observasjonar i magnetosfæren
  • Dokumentert erfaring frå analyse av store datasett

Den som blir tilsett bør vere kjent med dataanalyse og/eller modellering og ha solid teoretisk kunnskap innan eitt eller fleire av desse områda.

 

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling som har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Den tilsette skal saman med prosjektleiar utarbeide ein prosjektplan for kvalifiseringsarbeidet (forskingsplan). Framlegget skal omfatte prosjektomtale og framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 57 i statens regulativ (kode 1352) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til minst to referansar. (Ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.)
  • eventuell CV
  • vitnemål og karakterutskrifter (eventuelt ei stadfesting av at doktoravhandlinga er levert)
  • relevante attestar
  • eventuell publikasjonsliste

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt til enkeltpersonar per epost vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Michael Hesse, Institutt for fysikk og teknologi, e-post michael.hesse@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrar-bakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    5. juni 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    138523
  • Intern-ID
    2017/5738
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger