Universitetet i Bergen

Universitetsbiblioteket

Tekst: Del framtiden/ta del i framtide

Universitetsbibliotekar (vikariat)

Universitetsbiblioteket (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for all forsking, undervisning og kunnskapsformidling ved Universitetet i Bergen. UB legg vekt på å ha ein aktiv dialog med fagmiljøa og studentane ved universitetet og på den måten bidra til vidare utvikling innan forsking, utdanning, kunnskapsformidling og innovasjon. Me arbeider svært aktivt for å utnytta moglegheitene og handtera utfordringane som eit framtidsretta og innovativt fag- og forskingsbibliotek står overfor. Elektroniske tenester, institusjonspublisering, undervisning i bruk av informasjonsressursar og annan formidlingsaktivitet er viktige satsingsfelt. Ved UB er det for tida om lag 90 faste stillingar.


Ved Universitetsbiblioteket er det ledig eit vikariat i 100% stilling som universitetsbibliotekar (kode 1199) frå 1. august 2017 til 31.12 2017, med høve til forlenging eventuelt fast tilsetjing. Stillinga er for tida knytt til Avdeling for medisin, realfag og psykologi, med arbeidsstad på Bibliotek for medisinske og odontologiske fag. Biblioteket yter også tenester til tilsette ved Haukelands universitetsjukehus.

 

Arbeidsoppgåver

  • Utvikling, formidling og tilrettelegging av dei trykte og elektroniske samlingane

  • Gje informasjonstenester til undervising og forsking i samarbeid med fagmiljøa ved Det medisinsk-odontologiske fakultet

  • Gje rettleiing og undervisning i informasjonskompetanse til studenter og ansatte i bruk av biblioteket sine tenester, verktøy og ressursar

  • Gje grunnleggjande forskingsstøtte (litteratursøk, publisering, OA, bibliometri)

  • Ta aktivt del i vidareutvikling og tilrettelegging av tenestene, særleg med opplæring i informasjonskompetanse og tenester for forskarar

  • Delta i verksemda elles

Den som vert tilsett kan verte pålagt å delta i vaktordning utanom ordinær kontorarbeidstid.

 

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad innan fagområde som er relevante for fakultetet (til dømes medisin, sykepleievitskap, fysioterapivitskap, farmakologi, biologi, kjemi)

  • Kjennskap til forsking og forskingsmetodar vert vektlagt

  • Pedagogisk utdanning, erfaring med undervisning og rettleiing vert vektlagt, og også erfaring med formidling

  • Erfaring i litteratursøking, og kjennskap til kunnskapsbasert praksis er ønskjeleg

  • Gode språkkunnskapar både skriftleg og munnleg i norsk og engelsk 

Me søkjer deg som

  • Kan arbeide målretta, effektivt og sjølvstendig

  • Er serviceorientert og har gode samarbeids- og formidlingsevner

  • Er fleksibel og initiativrik

Det pågår for tida ein organisasjonsutviklingsprosess ved Universitetsbiblioteket. Det kan bli endringar som stiller krav til medarbeidarane sin evne og vilje til omstilling.

 

Ved vurdering av søkjarane vil det verte lagt vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

 

Me tilbyr

  • Eit stimulerande miljø med engasjerte kolleger

  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB

  • Løn etter lønssteg 49/61 (kode 1199/LR 25, alternativ 3) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida 425.900-527.500). Søkjarar som er erklært kompetent til stilling som førsteamanuensis eller førstebibliotekar ved ein institusjon som er godkjent av departementet eller har norsk doktorgrad eller utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk, vert løna som førstebibliotekar (kode 1200/LR 24, alternativ 3), løn etter lønssteg 59 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga (lønssteg 59-67, for tida kr 503.800-590.000). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

  • Fleksibel arbeidstid

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til hovudbibliotekar Marion Mühlburger, tlf 55 58 68 95, epost marion.muhlburger@uib.no eller avdelingsleiar Ane Landøy, tlf. 55 58 25 23 eller mob. 41 67 72 25, epost ane.landoy@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 4. juni 2017

Søknaden skal merkast: 2017/6134

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    4. juni 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    138507
  • Intern-ID
    2017/6134
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger