Fylkesmannen er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Fylkesmannen skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter.

Økonom

Er du økonom, og trivst med endringar?

Vi har ledig stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar med arbeidsoppgåver innan økonomi. Du blir tilsett hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, men du vil også løyse oppgåver for Fylkesmannen i Hordaland. Vi vert ein organisasjon frå 1. januar 2019, og du får vere med på den prosessen.

Vi ønskjer oss ein medarbeidar som har overordna kunnskap og interesse for økonomiområdet, samtidig som du også kan trivast med å arbeide med detaljar. Du har både regelverks-, analyse - og rekneskapskompetanse, gjerne frå offentleg sektor.

 Arbeidsoppgåver:

  • Budsjett og rekneskapsarbeid

  • Økonomirapportering

  • Oppfølging av fakturaer, løn og reiserekningar

  • Vidareutvikling av økonomistyringa

Det kan bli lagt andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonskrav:

  • Bachelor i økonomi og administrasjon. Lang og relevant erfaring kan i særskilte høve vege opp for utdanningskravet, men då kan annan stillingskode blir vurdert.

  • God overordna kunnskap om økonomi

  • Erfaring frå økonomistyring

  • God datakunnskap, og gjerne erfaring med Agresso

  • Stor arbeidskapasitet

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi ønskjer at du er:

  • Fagleg trygg, analytisk og har heilskapsperspektiv

  • Fleksibel med omsyn til arbeidsoppgåver

  • Løysingsorientert

Som tilsett hos oss får du:

  • Fagleg og personleg utvikling i ein stor organisasjon med både regionalt og nasjonalt engasjement

  • Vere del av eit kunnskapsrikt og mangfaldig fagmiljø

  • Medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid

 

Lønn mellom kr 450.000 – 550.000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.

 

Fylkesmannen ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje

utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

 

Søkarlista er offentleg. Du kan be om unntak frå dette dersom vilkåra i lova er til stades.

 

Nærare opplysningar om stillinga får du av administrasjonssjef Jorunn Felde på telefon 57 64 30 20 /95 19 19 64 .

 

 

Søknadsfrist: 28. mai 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    28. mai 2017
  • Arbeidsgiver
    Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • Nettside
  • Kommune
    Leikanger
  • Jobbnorge-ID
    138401
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger