Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Stipendiat i visualisering - inntil to stillingar

Ved Institutt for informatikk (www.uib.no/ii) er det ledig inntil to stillingar som stipendiat i visualisering for ein periode på 4 år, knytt til prosjektet «MetaVis». Stillinga er finansiert av Forskingsrådet og Universitetet i Bergen.

Om instituttet
Instituttet har seks forskingsgrupper; algoritmar, bioinformatikk, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Instituttet er rangert først i Norge på forskingskvalitet av Forskingsrådet. For meir informasjon, sjå http://www.uib.no/ii

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver
«The MetaVis project aims to study the space of visualizations itself and how it can be efficiently and effectively navigated. The goal is to develop interactive visual methods to enable users in choosing appropriate visualization techniques for particular types of data and tasks. The topic for the PhD can be chosen within this broad range to suit the strengths and interests of the PhD candidate.»

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarane må ha oppnådd mastergrad i visualisering, menneske-maskin interaksjonog/eller computer grafikk eller eit relevant nærliggjande fagfelt. Masterstudentar kan søkje dersom dei skal fullføre sin avsluttande master-eksamen innan 1. oktober 2017. Mastergraden må vere oppnådd før ein kan tiltre stillinga.
  • Vi søkjer personar med gode programmeringskunnskapar og som er interessert i datavisualisering. 
  • Meget gode programmeringskunnskapar, særleg GPU-programmering (OpenGL, OpenCL, CUDA, WebGL, etc.)  er eit krav. 
  • Søkjarane må kunne arbeide sjølvstende og strukturert, så vel som å kunne arbeide som ein del av eit team.
  • Søkjarane må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.

Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 4 år (tilsvarande ei 3 års heiltidsstilling). Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

 

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • moglegheit for forskingsopphald ved samarbeidande laboratorium 
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017/LR20, alternativ 8) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr. 435 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller   tilsvarande oppgåve
  • vitnemål og attestar som er komplett ved søknadsfristen
  • dersom du ennå ikkje har fullført din mastergrad, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgivande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 1. oktober 2017
  • CV (i tillegg til CV i Jobbnorge)
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i jobbnorge.no


Søknadsfrist: 18. juni 2017



Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Stefan Bruckner (stefan.bruckner@uib.no )

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om det.
 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    18. juni 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    138313
  • Intern-ID
    2017/5872
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger