Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet er eit fagdirektorat for områda barnevern, familievern, barn og ungdom, adopsjon, likestilling og ikkje-diskriminering og arbeidet mot vald og overgrep i nære relasjonar. Direktoratet arbeider for gode oppvekstvilkår, gode og stabile foreldrerelasjonar, utjamning av skilnadar i levekår og bidrar til å fremje like moglegheiter, deltaking og medverknad for barn, unge og vaksne. Direktoratet er administrativ leiar av det statlege barne- og familievernet (Bufetat), og tilbyr barneverntenester og familieverntenester på vegne av staten. Direktoratet er underlagd Barne-, likestillings-, og inkluderingsdepartementet. Vi er i omstilling og har store og spanande endringar framføre oss. Vil du vere med?

 

Seksjon for valdsførebyggjing har ansvar for direktoratets arbeid mot vald i nære relasjonar. Arbeidet inneber fleire einskilde oppdrag knytt til handlingsplanar og tiltaksplanar på området, ekstern samordning av direktoratets innsats på valdsfeltet og samordning av regjeringas tiltaksplan "Ein god barndom varar livet ut". Oppdraga seksjonen arbeider med er konsentrerte rundt informasjonsarbeid, førebyggjande tiltak, og rett og tidleg hjelp til valdsutsette. Seksjonen har og særlege oppgåver knytt til kommunanes krisesentertilbod, som vidareutvikling av tilbodet, kompetansetiltak, statistikk og bestilling av forskingsoppdrag.

Vil du medverke til å styrkja krisesentertilbodet til sårbare grupper?

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Avsluttet
  • Arbeidsgiver
    Bufdir
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    138200
  • Intern-ID
    DIR 16/17
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Se mer

Finn andre stillinger