Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Kunnskapsrik og målrettet?

Stipendiat i sedimentologi ved Institutt for geovitskap

 

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som stipendiat i sedimentologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Målet for prosjektet er å utvikle ny kunnskap knytt til kopling mellom fagområda sedimentologi, sekvensstratigrafi og «source-to-sink» i moderne og/eller kvartære og pre-kvartære avsetningssystem. Prosjektet vil nytta overflate- og undergrunnsdata (batymetriske/topografiske data, seismiske data, kjerne- og brønndata, eventuelt også blotningsdata). Stillinga inneber undervisningsplikt spesielt knytt opp mot faget Sedimentologi (GEOV107), men  undervisning i andre kurs kan og vere aktuelt.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i sedimentologi, kvartære geosystem eller bassenganalyse. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 30. juni 2017. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Røynsle frå eit eller fleire av følgjande fagområde vil vere ein føremon: klastisk sedimentologi, sekvensstratigrafi, bassenganalyse, source-to-sink.
  • Røynsle innan bruk av ein eller fleire av følgjande metodar/datatypar vil vere ein føremon: sedmentologisk facies analyse, seismisk tolking, bruk av kart data (GIS/ ArcGIS), statistisk analyse av geologiske data.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må kunne nytte flytande norsk, dansk eller svensk munnleg.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Det kan verte aktuelt med tilsetjing frå og med 1. juli 2017.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Søknadsfrist: 30. mai 2017

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor William Helland-Hansen, Institutt for geovitskap, william.helland-hansen@uib.no, tlf. 55 58 33 97/926 63 806.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. mai 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    138131
  • Intern-ID
    17/5310
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger