Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Kunnskapsrik og målrettet?

Stipendiat i den faste jords fysikk ved Institutt for geovitskap

Ved Institutt for geovitskap (www.uib.no/geo) er det ledig ei stilling som stipendiat innan fagretninga den faste jords fysikk med fokus på seismisk modellering og avbilding. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, delvis i samarbeid med prosjektet FOPAK (modellering av paleokarst), støtta av forskingsrådet og leia av Uni Research/CIPR i samarbeid med Institutt for geovitskap, Universitetet i Bergen og NORSAR.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Hovudformålet med prosjektet er å betre forståinga av seismiske bilete ved å studere og vidareutvikle ein spesifikk, strålebasert seismisk modelleringsmetode.

 

Kandidaten skal med utgangspunkt i ein eksisterande metode vidare studere, tilpasse og implementere denne i prototypeprogrammar. Vidare vil metoden kunne brukast for å simulere forskjellige geologiske scenario, til dømes med grunnlag i målingar av blotningar eller numeriske modellar, dette i samarbeid med masterstudentar, samt ein stipendiat og ein postdoktor tilsett av FOPAK. Desse simuleringane skal om mogleg samanliknast med resultata frå andre modelleringsmetodar samt med reelle data. Forventa utfall av prosjektet er auka kunnskap om seismiske bilete for å betre tolking ved å sjå nærare på oppløysings- og belysningsproblema. Prosjektet omfattar delvis samarbeid med våre FOPAK-partnare Uni Research/CIPR og NORSAR, som er leiande innan norsk forsking på sine respektive felt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i faste jords fysikk, fysikk, eller anvendt matematikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 30. juni 2017. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Røynsle innan seismisk bølgjeforplanting og modellering er ein føremon.
  • Oppgåva medfører avansert vitskapleg programmering, slik at røynsle med Python, Matlab, Fortran, e.l. er ein føresetnad.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftlig og munneleg.
  • Gode norskkunnskapar er eit krav.

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar)

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Det er fastsatt deltaking i undervisning av bacheloremnet GEOV111 «geofysiske metodar», som assistentleiar og eventuelt faglærar, noko som krev gode norskkunnskapar og kunnskap i de underviste geofysiske metodar.

 

Det kan verte aktuelt med tilsetjing frå og med 1. juli 2017.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemålrelevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.


Søknadsfrist: 29.05.2017

 


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

førsteamanuensis Isabelle Lecomte, Institutt for geovitskap, isabelle.lecomte@uib.no, 55 58 34 17.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    29. mai 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    138061
  • Intern-ID
    17/5196
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger