Universitetet i Bergen

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Studiekonsulent (førstekonsulent) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium - vikariat

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig eit vikariat som studiekonsulent (førstekonsulent) frå 20. juni 2017 – 30. juni 2018.

 

Per i dag er stillinga først og fremst knytt til faga kunsthistorie og teatervitskap.

 

Litt om arbeidsplassen

LLE er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om faga litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, kunsthistorie, klassisk filologi, teatervitskap, digital kultur og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette. Det er om lag 100 vitskapleg tilsette ved instituttet, og 15 personar knytte til administrasjonen.

 

Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet ved instituttet. Den administrative drifta av instituttet er eit lagarbeid og alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre oppgåver enn dei spesifikke funksjonane som er lagde til stillinga.

 

Næraste overordna er studieleiaren ved instituttet.

 

Aktuelle arbeidsoppgåver

20 % av stillinga er normalt knytt til Informasjonssenteret ved Det humanistiske fakultetet.

 

Stillinga har varierte oppgåver innan studieadministrasjon, med hovudområda:

 

  • studierettleiing

  • mottak og oppfølging av studentar

  • oppfølging av utdanningsplanar og masterkontraktar

  • koordinering av studieprogram

  • informasjons- og rekrutteringsarbeid

  • studieplanarbeid og godkjenningsarbeid

  • ymse sakshandsaming

  • deltaking i administrasjonsfaglege nettverk

     

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad eller anna utdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje.

  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren, samt offentleg forvaltning er ein viktig føremon.

  • Kjennskap til humanistiske fag er ein føremon.

  • Relevant praksis og it-kompetanse vert vektlagt.

  • Interesse for og gode evner innan (studie)rettleiing og sakshandsaming vert vektlagt.

     

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • Motivasjon og initiativrikdom

  • Fleksibilitet og sørvisinnstilling

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta

  • Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress

 

Språk – både skriftleg og munnleg

  • Begge målformer, nynorsk og bokmål

  • Gode engelskkunnskapar

 

Vi kan tilby

  • Godt fagleg og sosialt miljø

  • Kompetanseutvikling

  • Løn etter lønssteg 47–52 (kode 1408/LR 21.7), etter tenesteansiennitet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd

 

Anna informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium v/administrasjonssjef Siri Fredrikson, tlf. 55 58 22 95, e-post: siri.fredrikson@lle.uib.no.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan verte gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Søknad og CV skal sendast elektronisk via «SØK PÅ JOBBEN». Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.

 

Søknadsfrist: 4. juni 2017

Søknaden skal merkjast: 17/5371

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    4. juni 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    138020
  • Intern-ID
    17/5371
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger