Universitetet i Bergen

Matematisk institutt

Tekst: Bli med å skape fremragende forskning

Stipendiat i anvend og utrekningsorientert matematikk – porøse media (arbeidspakke 4)

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i anvend og utrekningsorientert matematikk – porøse media frå 1. august 2017. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år.

 

Doktorgradskandidaten vil bli medlem av prosjektet “EOR upscaling – from lab to field”, som er eit prosjekt ved Uni Research CIPR finansiert av PETROMAKS 2-programmet ved Noregs forskingsråd. Forskingsprosjektet er eit samarbeid mellom Uni Research CIPR, Universitetet i Bergen og Heriot Watt University, Edinburgh, Storbritannia. I tillegg er det forskingssamarbeid med professorar frå Texas A & M, TX, USA og University of Texas i Austin, TX, USA på spesifikke delar i prosjektet. Industripartnarar er DEA Norge AS, Statoil ASA, VNG Norge AS og Wintershall Norge AS. Vilkåra for tilsettinga vert styrt av Universitetet i Bergen.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Doktorgradskandidaten vil delta i prosjektet sin Arbeidspakke 4: Skalaendringar, kor målet er å undersøkje forholdet mellom grunnflytskildringa i vatn-olje-polymer-system på poreskala-nivå og makroskopisk formulering på Darcy-skala og høgare. Styringsmekanismar for korleis samspelet mellom heterogene væske og poresystem vert påverka av skalaformulering, vil vere viktig og vil bli studert ved multiskala-metodar, spesielt fokusert på likningsfrie multiskala-metodar.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i anvend og utrekningsorientert matematikk eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Bakgrunn i matematisk modellering og numerisk simulering av flyt og transport i porøse medier, inkludert erfaring med koding, fortrinnsvis i C ++. Kjennskap til nettverksmodellar og forbetra oljeutvinning (EOR)-modellar vil vere ein betydeleg føremon.
  • God evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert og gode samarbeidsevner
  • Flytande skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

 

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017/LR 20.8 ). Dette utgjer ei årsløn på kr 435 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

 Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

  

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Søknadsfrist: 5. juni 2017

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

førsteamanuensis Kundan Kumar (Kundan.Kumar@uib.no), professor Arne Skauge (arne.skauge@uni.no), eller Øystein Pettersen (oystein.pettersen@uni.no)/tlf. +47555 84864.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    5. juni 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    138001
  • Intern-ID
    2017/5566
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger