Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Tekst: Bli med å skape fremragende forskning

Overingeniør (datamanager, mellombels)

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei mellombels stilling som overingeniør i 2 år. Stillinga er knytt til Bjerknes Climate Data Centre og prosjekta H2020-prosjektet RINGO (Readiness of ICOS for Necessities of Integrated Global Observation) og forskingsinfrastrukturen Integrated Carbon Observation System (ICOS) Ocean Thematic Centre.


Arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett vil få ansvar for å:

  • designe og utvikle eit online dataopplastingssystem for marine data relatert til dataproduktet GLODAP (Global Data Analysis Project)

  • implementere versjonskontroll for opplasta data

  • bruke prosedyrar for kvalitetskontroll av data

  • kombinere individuelle datafiler og kvalitetskontrollresultat til dataprodukt

  • dokumentere tenester for brukarar

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må ha utdanning på mastergradnivå i datavitskap, matematikk eller anna relevant fagfelt. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for utdanningskravet.

  • Særs god kunnskap om programmeringsspråk (Java, HTML, CSS, Javascript, Python) er ein føremon.

  • Skrive- og dokumentasjonsferdigheiter er ein føremon.

  • Erfaring med å automatisere arbeidsflyt (opplasting, kvalitetskontroll og versjonskontroll) av data er ønskeleg.

  • Erfaring med å designe brukargrensesnitt er ønskeleg.

  • Erfaring med handtering av naturvitskaplege data er ønskeleg.

  • Kunnskap om Unix og systemadministrasjon vil vere ein føremon.

  • Du må kunne jobbe sjølvstendig og på ein strukturert måte.

  • Den som vert tilsett vil arbeide i et pulserende og internasjonalt forskingsmiljø. Ettersom stillinga krev kontakt og samarbeid med en internasjonal forskargruppe, er vilje til å reise, diplomatiske evner, og å være sterk i engelsk skriftlig og munnleg viktige eigenskaper.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg senioringeniør Benjamin Pfeil eller programvarearkitekt Steve Jones.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    28. mai 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    137890
  • Intern-ID
    17/4994
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger