Universitetet i Bergen

Det humanistiske fakultet

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Stipendiatstilling i mellomalderforsking

Ved Det humanistiske fakultet er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat innanfor feltet mellomalderforsking med tilsetjing frå 1.10.2017

 

Utlysinga er eit ledd i det strategiske arbeidet for å byggja eit sterkt, breitt og utovervendt miljø for mellomalderforsking ved fakultetet. Stillinga har samanheng med arbeidet med etableringa av UiBs Middelalderklynge. I denne utlysinga søkjast det særleg etter kandidatar med prosjekt innanfor historiske fag, inkludert kulturhistorie, intellektuell historie og religionshistorie. Forskingsprosjektet må ha tydeleg relevans for forsking på nordeuropeisk mellomalder.

 

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande høgare utdanning i eit fagområde som er relevant for ph.d.-prosjektet. Graden må vere oppnådd før søknadsfristen er ute.

I vurderinga av søknadene vil det bli lagt vekt på

 

  • den vitskaplege kvaliteten og verdien av prosjektet

  • dei faglege grunnkvalifikasjonane til søkjaren

 

Ved tilnærma like kvalifikasjonar blant dei rangerte søkjarane vil fagstrategiske omsyn ha vekt i vurderinga. Gode formidlingsevner og røynsle frå formidlingsarbeid kan òg bli lagd vekt på. Søkjarar må ha gode norskkunnskaper.

 

Det vil vidare bli lagt vekt på personlege eigenskapar som evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, og gode samarbeidsevner.

 

Løn

Løn etter lønssteg 50 (kode 1017/LR 20/alt.8) i statens lønsregulativ (for tida: NOK 435.100 årleg). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til medlemskap i Statens pensjonskasse.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller vilkåra for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen gjevne i Forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Bergen, § 5.1.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til forsking, undervisning og formidling i samanheng med arbeidet med etableringa av UiBs Middelalderklynge. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til prodekan Einar Thomassen, tlf. 55 58 24 50, e-post: einar.thomassen@uib.no.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal mest mogleg spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

 

Slik søkjer du

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGA». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. I tillegg må dette følgja søknaden:

 

1. Prosjektomtale (inntil 5 sider)

2. Framdriftsplan for prosjektet

3. Litteraturliste for prosjektet

4. Eit kort samandrag av hovudfagsoppgåva/masteroppgåva (inntil 3 sider). Dersom du ikkje har norsk mastergrad, kan du bli beden om sende inn heile masteroppgåva.

5. Vitnemål frå universitet/høgskule (skanna versjon) som viser at du har relevant utdanning

6. Liste over eventuell vitskapleg produksjon

7. Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

8. Namn på føreslegen rettleiar for doktorgradsprosjektet

 

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format. Vitnemål må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsette vitnemål og vitskaplege arbeid må vere fakultetet i hende innan søknadsfristen.

 

I tillegg gjeld følgjande krav: http://www.uib.no/hf/21760/veiledning-s%c3%b8kere-til-stipendiatstillinger.

 

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

 

Søknadsfrist: 7.8.2017

 

Merk søknaden: 17/5151

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    7. august 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    137868
  • Intern-ID
    17/5151
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger