Universitetet i Bergen

Universitetsmuseet i Bergen

Tekst: Bli med å skape fremragende forskning

Konservator - mellombels - 2 stillingar

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvalting og formidling som kjerneoppgaver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 120 årsverk. Nærare informasjon om museet finn ein her: http://www.uib.no/universitetsmuseet.


Ved Konserveringsseksjonen, Universitetsmuseet i Bergen, er det ledig to mellombelse stillingar (2 år) innan konservering av naturhistorisk materiale

 

Den gamle museumsbygningen på Muséplassen 3 er Noregs eldste museumsbygg. Bygningen vert nå renovert av Statsbygg og ein tek sikte på å opne nye utstillingar her sommaren 2019. Universitetet i Bergen ønskjer gjennom Museumsprosjektet å kunne tilby samlande og moderne forskingsformidling i eit renovert praktbygg på Museplassen 3. Det er planlagt om lag 2500 m2 med naturhistoriske utstillingar i bygget, som også vil innehalde lokale eigna for museumsbasert undervisning, møte, konferansar og større arrangement.

 

I samanheng med Museumsprosjektet ved UiB er det behov for ei oppgradering av museumssamlingane som skal stillast ut. Vi søker derfor to konservatorar som kan ta del i dette arbeidet. Dei som vert tilsette vil arbeide ved museets konserveringsseksjon som har ansvar for konservering og bevaring av museets samlingar til forskings- og formidlingsformål. I dei neste åra vil etableringa av nye naturhistoriske utstillingar utgjere ein stor del av arbeidsoppgåvene ved seksjonen.

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil omfatte konservering/restaurering og klargjering av eldre naturhistoriske objekt frå museets utstillingssamling. Arbeidet vil hovudsakeleg vere konsentrert om zoologiske objekt, men det vil og vere behov for klargjering av objekt frå geologiske og botaniske samlingar. Reinsing, retusjering og komplementering vil utgjere ein stor del av arbeidet. Dei som vert tilsett vil inngå i ei gruppe av konservatorar som også samarbeider med utstillingsprosjektets taksidermist. I tillegg til konservering vil arbeidet omfatte flytting og pakking av objekt til/frå magasin, journalføring i database, dokumentering, samt montering av objekta i utstillingane.

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Den som vert tilsett må

  • Ha godkjent utdanning på bachelor-nivå eller tilsvarande i konservering, fortrinnsvis med vekt på naturhistorisk materiale. Særleg relevant erfaring kan erstatte utdanningskravet.
  • Ha evne til å arbeide effektivt, nøyaktig, strukturert og målretta
  • Ha god form- og fargesans
  • Kunne arbeide sjølvstendig, men òg ha gode evner til samarbeid
  • Vere fleksibel, kreativ og løysingsorientert
  • Kunne trivast i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk (norsk, svensk, dansk) eller engelsk
  • Ha kunnskap om konserveringsfaglege standardar ved restaureringsarbeid.

Den som vert tilsett kan ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikaliar i ein slik grad at det vil påverke arbeidet. Førarkort for personbil vil vere ein føremon.

 

Vi kan tilby:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit omfattande utstillingsprosjekt.
  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085, lønsramme 20) i lønssteg 45 - 48 (for tida kr 400.100 – 419.100 ) i det statlege lønsregulativ, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Konserveringsseksjonen, Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen ved Christina Holmefjord, e-post: christina.holmefjord@uib.no, mob.: 91 61 00 64, eller Camilla C. Nordby, e-post: camilla.nordby@uib.no, tlf: 55 58 61 68, mob.: 97 65 96 32.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon) 

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her

 

Søknadsfrist: 26.05.2017

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    26. mai 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Konserveringsseksjonen
  • Jobbnorge-ID
    137854
  • Intern-ID
    17/4676
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger