Høgsterett er den øvste domstolen i landet og har som hovudoppgåve å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling. Høgsterett blir leia av justitiarius. I tillegg har domstolen 19 dommarembete, eit embete som direktør, ein assisterande direktør, 25 andre juriststillingar og 22 stillingar innan administrasjon og saksbehandling. Det juridiske og administrative støtteapparatet i Høgsterett blir leia av direktøren. Høgsterett held til i Høgsteretts Hus i Oslo.

LEDIGE VIKARIAT I HØGSTERETT

Høgsterett søker etter dyktige medarbeidarar til stillinga som

Saksbehandlar i saksbehandlingseininga (eitt år)

Det er ledig eitt til to vikariat for eitt år som saksbehandlar i saksbehandlingseininga. Forlenging av vikariata kan bli aktuelt. Arbeidet består i å bistå dommarane og utgreiarane med saksbehandling i tilknyting til ankesakene og å utføre alminneleg ekspedisjonsarbeid.

Det er eit tett samarbeid mellom administrativ eining og saksbehandlingseininga i Høgsterett. Tilsette i saksbehandlingseininga bistår dommarane og utgreiarane med saksbehandling i samband med ankesakene og utfører i tillegg alminneleg ekspedisjonsarbeid.

Den som blir tilsett, må rekne med å utføre oppgåver knytte til begge desse einingane og også til digitaliseringsprosessen som Høgsterett no er inne i.

Stillinga blir lønt som førstekonsulent (kode 1408) i lønnsspennet 421 800–507 100 kroner, avhengig av kvalifikasjonar. Frå bruttolønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Arbeidstida følger normalarbeidstida i staten. Prøvetida er 6 månader. Tiltreding etter avtale.

Kvalifikasjonar:

Vi søker etter personar med

  • svært gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • svært gode engelskkunnskapar
  • svært gode brukarkunnskapar i data
  • svært gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og strukturert
  • stor fleksibilitet når det gjeld nye arbeidsoppgåver, og god evne til endring
  • utdanning på bachelornivå eller tilsvarande
  • relevant arbeidserfaring (det vil bli lagt vekt på erfaring frå domstolane)

Vi tilbyr:

  • fleksibel arbeidstidsordning
  • eit fagmiljø prega av trivsel og læring
  • gunstig pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

Det er eit mål at arbeidsstaben skal spegle befolkningssamansetninga generelt, også når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Spørsmål om stillinga kan rettast til seniorrådgjevar Elisabeth F. Sandall på telefon 22 03 59 41.

Generell informasjon om Høgsterett finn du på www.hoyesterett.no.

Søknadsfristen er 30. mai 2017.

Send søknaden elektronisk via link på denne sida.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. mai 2017
  • Arbeidsgiver
    NOREGS HØGSTERETT
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    137750
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger