Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen

Stipendiat i klimadynamikk ved Institutt for geovitskap

Ved Institutt for geovitskap (http://www.uib.no/geo) er det ledig ei stilling som stipendiat innan klimadynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år (med inntil 25 % pliktarbeidstid ved instituttet), og er knytt til ERC-prosjektet ice2ice (http://ice2ice.b.uib.no).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • Stillinga vil bli ein del av Bjerknessenteret for klimaforskning (http://www.bjerknes.uib.no) og prosjektet ice2ice.
  • ice2ice (Arctic Sea Ice and Greenland Ice Sheet Sensitivity) er finansiert gjennom Synergy-programmet til ERC og er eit samarbeid mellom Universitet i Bergen, Uni Research, Universitetet i København (Senter for is og klima) og det Danske Meteorologiske institutt.
  • Hovudformålet med ice2ice er å auke vår forståing av hurtige endringar i arktisk havis og effekten av desse på arktisk klima og iskappa på Grønland.
  • Stipendiatens arbeidsoppgåver vil bli avtalt på grunnlag av kandidatens bakgrunn.
  • Stillinga vil ha fokus på klimadynamikk og interaksjonen mellom de marine iskappene, sirkulasjonen og havis i Arktis.
  • Arbeidet vil bidra til forståinga av den rolla endringar i arktisk sjøis har spelt under tidlegare klimaforhold samt under eit framtidig varmt klima.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysikk, matematikk, geovitskap (inkludert geologi, klima, meteorologi og oseanografi).
  • Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31. august 2017. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Røynsle innan klimadynamikk, isdynamikk og klimamodellering ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftlig og munneleg.

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar)

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Som del av stipendiatperioden er det forventa at kandidaten gjennomfører eit forskingsopphald på 6 månadar hos ein av våre partnare i København (http://www.isogklima.nbi.ku.dk og http://research.dmi.dk/research/research-topics/climate/).

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 / LR 20, alternativ 8) i det statlege lønsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ein kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysingar til to referansar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei dokumentasjon på at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskapeleg arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

 

Søknader per e-post vil ikkje bli vurderte.


Søknadsfrist: 10. juni 2017

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Kerim Hestnes Nisancioglu, telefon +47 55 58 98 66 / e-post kerim@geo.uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    10. juni 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    137542
  • Intern-ID
    17/4297
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger