Kriminalomsorgen region vest er underlagt Kriminalomsorgsdirektoratet med overordna ansvar for straffegjennomføringa i fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland. Region vest har ca 500 tilsette og har administrasjon i Bergen. Regionen administrer fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll i Bergen.

Vår visjon er: Aktiv kriminalomsorg - tryggare samfunn

JURIST

VIKARIAT MED MOGLEGHEIT FOR FAST TILSETTING

Ein av juristane våre skal ha permisjon for å jobbe i ei anna stilling i etaten og vi søker derfor etter vikar. Vikariatet varer førebels fram til 30.06.18, men kan verte forlenga eller stillinga kan verte fast. Stillinga er lagt til regionadministrasjonen og er lagt under straffegjennomføringsseksjonen.

Arbeidsoppgåver:

  • Saksbehandling av søknader og klagar etter lov om straffegjennomføring og forvaltningslova, med meir
  • Rettleiing, rådgiving og undervisning til underliggande einingar.
  • Tverrfagleg samarbeid.

Kvalifiksjonar:

  • Master i rettsvitenskap/juridisk embetseksamen.
  • Erfaring frå klagebehandling i offentleg sektor er ein fordel. Det vil bli lagt stor vekt på erfaring frå kriminalomsorga.

Personlege kvalifikasjonar/ferdigheiter:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Gode muntlige og skriftlige framstillingsevner.
  • Interesse og engasjement for fagfeltet.

Lønn:

Stillinga vert lønna som førstekonsulent og vil ligge mellom kr 412100 – kr 446900 avhengig av kvalifikasjonar,

Anna:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad reflektere mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål og ha ei jamn fordeling av kjønn, alder og personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søke stillinga.

Noko reiseverksemd må påreknast.

Prøvetida er 6 månadar. 

Det må ikkje vere noko å utsette på vandelen til medarbeidarar i kriminalomsorga og det vert kravd politiattest utan merknadar ved tilsetting.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte assisterande regionsdirektør Leif Waage

tlf 930 09 917 

Søknadsfrist: 08.05.17

Du søker elektronisk vi denne linken: www.Jobbnorge.no

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    8. mai 2017
  • Arbeidsgiver
    Kriminalomsorgen region vest
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    137414
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger