Universitetet i Bergen

Fakultetet for kunst, musikk og design

Tekst: Ta del i et ledende forskningsmiljø

Professor (100 %) i kunst med hovudvekt på tekstil

Ved Institutt for kunst, er det ledig ei stilling som professor (100 %) i kunst med hovudvekt på tekstil i seksårig åremål. Tilsetjing er ønska frå 1. januar 2018.

 

Institutt for kunst, er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen som samlar leiande fagmiljø og tilbyr forskingsbasert utdanning på bachelor-, master- og ph.d. nivå. Fakultetet har om lag 600 studentar og 180 tilsette.

 

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Vi søker ein professor med spisskompetanse innan fordjupingsområdet tekstil med ambisjonar om å utvide og teste grensene for kva kunstnarleg praksis kan være, og med interesse og openheit for andre kunstnarlege uttrykksformer og mulige koplingar mellom disse. Søkarar bør ha brei praktisk erfaring, ein sterkt kontekstualisert praksis og ei teoretisk forståing av det tekstilkunstnarlege feltet, inkludert feltet si historiske, estetiske, sosiale og politiske utvikling og samanheng. Vidare bør søkarar ha eit sterkt fokus på kunstnarleg utviklingsarbeid og vise til ei evne til kritisk refleksjon over kunstnarlege prosesser som og integrerast i undervisningspraksis.

 

Ved Institutt for kunst er arbeid innafor fordjupingsområdet tekstil ei integrert del av instituttet sitt samla undervisningstilbod. Den som vert tilsett må rettleie på alle nivå og må og væra hovudrettleiar for studentar som arbeider med andre medium/uttrykk.

 

Arbeidsoppgåver

  • undervisning og rettleiing

  • ansvar for undervisningsopplegg

  • kunstnarleg utviklingsarbeid og forsking

  • formidling av resultat

  • organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene

  • administrative oppgåver og andre styringsoppgåver.

Det er viktig i stillinga å ha kontakt med utdanningsinstitusjonar og andre relevante samarbeidspartnarar. Den som blir tilsett må komme med innspel for å styrke den faglege debatten på institutt og fakultet, og vere med på å profilere instituttet eksternt – mellom anna gjennom å utvikle faglege nettverk lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Stillinga vil krevje samarbeid med dei andre tilsette ved Institutt for kunst og tilsette ved andre miljø ved Universitetet i Bergen.

 

Institutt for kunst

Institutt for kunst har eit aktivt og internasjonalt utdanningsmiljø der studenten sin eigen kunstpraksis står i fokus. Vi har kompetanse på internasjonalt nivå innanfor åtte fokusområde: Maleri og teikning, skulptur og installasjon, keramikk og leire, tidsbasert kunst og performance, nye medium (lyd/video), tekstil, grafikk, og fotografi. Bachelorprogrammet vårt trekker til seg studentar frå heile Skandinavia. Masterprogramma i kunst og kuratorpraksis rekrutterer studentar frå heile verda.

 

Instituttet har gode verkstadfasilitetar som blir brukt både i undervisning og kunstnarleg utviklingsarbeid. Verkstadene har ei klar fagleg forankring. Vi har ein breitt samansett fagstab som er aktiv på kunstscena i Noreg og internasjonalt. Dette er ein føresetnad for eit levande undervisningsmiljø på instituttet. Det kunstnarlege utviklingsarbeidet og forskinga står sentralt og dannar grunnlaget for undervisninga. Blant samarbeidspartnarane våre er Bergen Assembly, Bergen Kunsthall og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

 

Fagmiljøa innan kunst og design vil i 2017 bli samlokaliserte i eit nytt bygg, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablere eit eige bygg for Griegakademiet - Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal.


Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Omfattande kunstnarleg verksemd på høgaste nivå etter internasjonal standard og relevant bredde og fordjuping i faget eller disiplinen på høgaste nivå.

  • dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning undervisning og rettleiing.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, vil måtte halde ei prøveførelesning for instituttets stab og studentar og ei prøverettleiing for ei gruppe studentar.


I tillegg vil det bli lagt vekt på

  • perspektiv på tekstilområdets potensial i forhold til kunstnarleg utviklingsarbeid

  • pedagogiske evner og engasjement

  • gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon

  • perspektiv på høgare kunstutdanning

  • organisatoriske evner og erfaring

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men kan òg vere engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing. Søkjarar som ikkje kan dokumentere pedagogisk basisutdanning før tilsetjing vil få tilbod om opplæring.


Vi kan tilby

  • Stilling som professor (kode 1013) i lønssteg 70 - 74 (for tida kr 621.800 – 671.600) i det statlege lønsregulativet. For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Korleis arbeidstida fordelast, går fram av den årlege individuelle arbeidsplanen som utarbeidast i dialog med den enkelte tilsette og instituttleiar. Instituttleiar har ansvar for å koordinere det totale studietilbodet ved instituttet.


Søknaden skal innehalde

  • CV

  • vitnemål

  • attestar

  • dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar

  • materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd

Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg, mellom anna ei beskriving av intensjonar og mål for åremålsperioden. Det er viktig at søkaren tydeliggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og muligheiter.

 

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGEN». Last opp alle vedlegg som separate filer. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før du laster dei opp.

 

Andre opplysingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskapelige stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Fakultetet kan tilby ein interessant og krevjande stilling i eit miljø med høgt aktivitetsnivå, faglige utfordringar og gode samarbeidsforhold.

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Aashild Grana på tlf. + 47 - 55 58 73 00.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. september 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    137347
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger