Kriminalomsorgen

Åna fengsel

Kriminalomsorgen gjennomfører straffereaksjoner og varetektsfengsling. Region sørvest har det overordnede ansvaret  for kriminalomsorgen i Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder, med fengsler og friomsorgskontorer. Det er ca 600 årsverk i regionen. Regionadministrasjonen er lokalisert i Sandnes. Region sørvest rapporterer til Kriminalomsorgsdirektoratet.
 

Åna fengsel i Hå kommune er eitt av fengsla i Region Sørvest. Fengselet har plass til 164 innsette og har 180 tilsette. Fengselet ligg i eit naturskjønt område ved Nærbø på Jæren. Åna fengsel er eit av dei største fengsla i landet.  Her er eit positivt og godt arbeidsmiljø.

 

FØRSTEKONSULENT - SOSIALKONSULENT

Vikariat i 100 % stilling er ledig frå 16.08.17 til 31.03.18 med moglegheit til forlenging. 

Arbeidsområde:

Servicetorget i Åna fengsel skal legga til rette for individuelt tilpassa rettleiing, bistand og informasjon til innsette og deira kontaktbetjent, og være et bindeledd mellom samarbeidande instansar i og utanfor fengselet. Servicetorget har 4 sosialkonsulentstillingar.

Sosialkonsulent har ansvar for koordinering og samordning av tiltak og planer rundt den innsette. Kartlegging og realistiske framtidsplanar dannar utgangspunkt for tiltak i straffegjennomføringstida, dvs. under varetekt, soning og prøvetid etter lauslating. Det vert lagt vekt på nært samarbeid med andre faggrupper internt i fengslet, og eksternt som førstelinjetenesta, friomsorgskontor, institusjonar og andre instansar som innsette har kontakt med. Kontakt med heimkommunar/ lokale NAV blir prioritert. Sosialkonsulent har i tillegg saksbehandlingsansvar og ansvar for hjelp og rettleiing i samsvar med straffegjennomføringsloven. 

Kvalifikasjonskrav:

Vi ønskjer primært søkjarar med utdanning som sosionom. Relevant erfaring og kjennskap til kriminalomsorga blir vektlagt. Søkjarar må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne, bør kunne bruke begge målføre, og må kunne bruke IT som arbeidsverkty.
Av personlege kvalifikasjonar vert det vektlagt evne til samarbeid, fleksibilitet og heilskapstenking. Vidare vert det vektlagt evne til motivering, sjølvstende og lojalitet. 

Løn og andre opplysningar:

Stillinga vert løna i statens reg. LR 21-8, ltr. 44-53, pt. kr 396 800- 457 600,- brutto pr. år. Frå brutto løn vert trekt 2 % medlemsinnskot til Statens pensjonskasse.

Dei første 6 månadane er prøvetid.

Utvida politiattest utan merknader må kunne leggjast fram.

Opplæring i interne dataprogram vert gitt. 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst muleg grad gjenspeile mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å søkje. 

Nærare opplysningar om stillinga vert gitt av leiar av servicetorget Helene Engen tlf. 51 79 91 62

Elektronisk søknad med vitnemål og attestar innan utgangen av 01.05.17

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. mai 2017
  • Arbeidsgiver
    Kriminalomsorgen
  • Nettside
  • Kommune
  • Jobbnorge-ID
    137232
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger