Krimialomsorga region vest

Kriminalomsorgen Møre og Romsdal friomsorgskontor

Kriminalomsorgen region vest er eit etatsnivå underlagt Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) med overordna ansvar for straffegjennomføring

i fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Region vest med ca. 500 tilsette har sin administrasjon i Bergen. Region vest administrerer seks fengsel og tre friomsorgskontor, samt Senter for narkotikakontroll i Bergen. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande og vi legg vekt på å ha eit godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø.

Møre og Romsdal friomsorgskontor inngår i Kriminalomsorgen region vest som omfattar fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og

Romsdal. Møre og Romsdal friomsorgskontor har hovudkontor i Molde, og underkontor i Ålesund og Kristiansund.


Assisterande friomsorgsleiar

Ledig 1 fast 100 % stilling som assisterande friomsorgsleier for Møre og Romsdal friomsorgskontor.

 

Sjølv om kontorplassen er f.t. Molde, må den som vert til sett pårekna å arbeide frå alle tre kontora i fylket.

 

Arbeidsområde:

Ansvar for juridisk- og sosialfagleg sakshandsaming og klientbehandling

Assisterande leiar vil få ei sentral rolle i fagutvikling og planlegging av innhald i straffegjennomføringa

Kvalitetssikring av sakshandsaminga og rettleiing av fagpersonell

Metodisk endringsarbeid og ivaretaking av samarbeidet med skule- og helsemyndigheiter, Nav og behandlingsinstitusjonar osv.

Legge til rette for friomsorga si verksemd opp imot etaten sine målsettingar og strategiar, samt verksemda sine strategiar og drift

Samarbeid med straffesakskjeden

Arbeide med helse, miljø og sikkerheit

Assisterande leiar vil ved fråvær fungere for leiar

Det vil medføre ein del administrative gjeremål

Den som vert tilsett må være fleksibel sett opp imot arbeidsområde og andre endringar som vert bestemt i etaten

 

Ansvarsområda og oppgåvene kan endre seg då organisasjonen er i stadig utvikling

 

Kvalifikasjonskrav:

Det er ønskeleg at søkar har juridisk, sosialfagleg eller anna relevant 3-årig høgskule eller universitetsutdanning

Det vil bli lagt vekt på relevant vidareutdanning og leiarerfaring

Gode datakunnskapar

Plettfri vandel

Førarkort kl. B

Ønskeleg med inngåande kjennskap til målgruppa og friomsorga sine oppgåver

 

Personlege ferdigheiter:

Inspirerande og motiverande leiarferdigheiter

Ein leiar som kommuniserer og samarbeider godt

Evne til mål- og resultatstyring og til å leie og utvikle kompetanse hos andre

God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vedkommande må vere strukturert, kreativ og ha evne til å ta avgjerder

 

Vi tilbyr:

Ein utfordrande jobb i eit spennande fagmiljø med hyggelege kollegar

Løn etter Statens lønssteg. St. kode 1453 ass friomsorgsleiar og årleg lønn vil vere mellom kr 522000 og kr 542000

Medlemskap i Statens pensjonskasse

 

Andre opplysningar.

Det vert trekt 2 % til Statens Pensjonskasse. Søkjarane må ved tilsetting legge fram utvida politiattest av nyare dato og utan merknadar. Det er 6 månader prøvetid ved tilsetjing.

 

Kriminalomsorga er i ein prosess med framtidige strukturendringar. Den som vert tilsett plikter å rette seg etter eventuelle avgjerder som følgje av denne prosessen, både når det gjeld organisatoriske og arbeids- og/eller ansvarsmessige endringar knytt til stillinga.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg mon vise mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn og menn vert oppfordra til å søke stillinga.

 

Nærare opplysningar:

Leiar Annhild Viken Sunde tlf. 71246610, eller mob. 41569407

Søknadsfrist: 20.5.2017

Tiltreding etter avtale.

 

Send søknaden elektronisk via www.jobbnorge.no

Kriminalomsorgen Møre og Romsdal friomsorgskontor

Dokumentsenteret

Postboks 694

4305 SANDNES

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. mai 2017
  • Arbeidsgiver
    Krimialomsorga region vest
  • Nettside
  • Kommune
    Molde
  • Arbeidssted
    Molde
  • Jobbnorge-ID
    137216
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger