Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Forskar i algoritmar – mellombels tilsetjing – inntil to stillingar

Ved Institutt for informatikk er det ledig inntil to stillingar som forskar i algoritmar for 1 år, knytt til prosjektet ”Multivariate Algorithms: New domains and paradigms” (FRIPRO-programmet).

 

Om instituttet

Instituttet har 6 forskingsgrupper: algoritmar, bioinformatikk, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Institutt et er rangert først i Norge på forskingskvalitet av Forskingsrådet. For meir informasjon, sjå http://www.uib.no/ii

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Kandidaten vil arbeide med professor Fedor Fomin. Målet med prosjektet er studiet av multivariate algoritmar. Forskingsområdet er algoritmar og kompleksitet, særleg ”fixed parameter tractability”, parametrisert kompleksitet og ”kernelization”.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarane må ha oppnådd norsk doktorgrad i informatikk eller tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kandidaten må ha erfaring i Algoritmar eller Graf Theory.
  • Søkjarane må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • Søkjarane må ha ferdigheiter i skriftleg og munnleg engelsk.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1109) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga (lønssteg 57-65). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

 

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, eventuelt ei stadfesting av at doktoravhandlinga er levert.
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

 

Søknadsfrist: 1. juni 2017

 

Generell informasjon
Nærare informasjon om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Fedor Fomin, e-post: Fedor.Fomin@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om det.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. juni 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    137131
  • Intern-ID
    2017/4588
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Prosjekt

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger