Fylkesmannen er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Fylkesmannen skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter.

Trainee på landbruksavdelinga

Vi har ledig stilling for deg som har relevant høgare utdanning, og ønskjer å bli ein del av det felles trainee-programmet i regi av Framtidsfylket. Som trainee blir du tilsett hjå Fylkesmannen og får oppgåver ved landbruksavdelinga i Førde.

Arbeidsoppgåver:
• Forvalte diverse støtteordningar for næringsutvikling, beitebruk m.m.
• Følgje opp eksisterande utviklingsprosjekt som vi har delfinansiert
• Andre forvaltnings- og utviklingsoppgåver ved avdelinga

Kvalifikasjonar:
• Relevant høgare utdanning med bachelor eller masternivå
• Har maksimalt tre års arbeidserfaring etter studiar

Personlege eigenskapar:
• Du er initiativrik og resultatorientert
• Du har gode samarbeidsevner
• Du har gode evner til munnleg formidling og bør kunne skrive nynorsk

Som tilsett hos Fylkesmannen får du:
• Ta del i eit kunnskapsrikt og mangfaldig fagmiljø
• Fagleg og personleg utvikling i ein organisasjon med både regionalt og nasjonalt engasjement
• Omfattande kontakt med kommunar og andre samarbeidspartar
• Medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
• Fleksibel arbeidstid

Som trainee får du løn i lønnstrinn 47 i staten, og for tida utgjer brutto årsløn ca. kr 415 000,-. Fylkesmannen ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte, til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Du kan be om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom vi likevel må ta deg med på lista, blir du varsla på førehand.

 

Spørsmål om stillinga kan du rette til landbruksdirektør Christian Rekkedal tlf. 99692302, e-post: mailto:fmsfcre@fylkesmannen.no, eller
assisterande landbruksdirektør Bjørn-Harald Haugsvær tlf. 48007375, e-post mailto:fmsfbhh@fylkesmannen.no.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    24. april 2017
  • Arbeidsgiver
    Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • Nettside
  • Kommune
    Førde
  • Arbeidssted
    Førde
  • Jobbnorge-ID
    137053
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger