Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Bilde med teksten:Kunnskapsrik og målrettet

Stipendiat i boolske funksjonar

Ved Institutt for informatikk (www.uib.no/ii) er det ledig ei stilling som stipendiat i boolske funksjonar. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, knytt til prosjektet ”Construction of optimal Boolean functions” som er finansiert av Bergens forskingsstiftelse (BFS). Stillinga planleggjast å starte så snart som mogeleg i 2017.

 

Om instituttet

Instituttet har 6 forskingsgrupper: algoritmar, bioinformatikk, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Institutt et er rangert først i Norge på forskingskvalitet av Forskingsrådet. For meir informasjon, sjå http://www.uib.no/ii

 

Om prosjektet

Dei viktigaste måla i dette prosjektet er boolske funksjonar med optimal resistens mot ulike kryptografiske angrep (differensial, lineær, algebraisk o.l.) og deira applikasjonar i diskret matematikk (som kommutativ semifields, o-polynom, difference sets, dual hyperovals, regular graphs, m-sekvensar, koder o.l.).

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarane må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i matematikk eller informatikk i eit fagområde relatert til bruk av algebra i kryptografi og/eller i anvendt kryptografi. Masterstudentar kan søkje dersom dei skal fullføre sin avsluttande mastereksamen innan 15. august 2017. Mastergraden må vere oppnådd før ein kan tiltre stillinga.

  • Erfaring i programmering er naudsynt og kjennskap av MAGMA er ein føremon.

  • Søkjarane må vere motiverte for forsking og vise vilje til å arbeide hardt med aktuelle problem.

  • Søkjarane må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Søkjarane må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 4 år (tilsvarande ei 3 års heiltidsstilling). Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

 

Vi kan tilby

  •  eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 ved tilsetjing (kode 1017/LR 20.8). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • to anbefalingsbrev, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve

  • CV (i tillegg til CV i Jobbnorge)

  • vitnemål og attestar som er komplett ved søknadsfristen

  • dersom du ennå ikkje har fullført din mastergrad, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgivande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 15. august 2017.

  • relevante attestar

  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

 

Søknadsfrist: 15. mai 2017

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dr. Lilya Budaghyan Lilya Budaghyan@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. mai 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    137029
  • Intern-ID
    2017/4552
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger