Universitetet i Bergen

Institutt for biologi

Tekst: Del framtiden/Ta del i framtiden

Postdoktor i mikrobiologi

Ved Institutt for biologier det ledig ei stilling som postdoktor i mikrobiologi. Stillinga er for ein periode på 3 år og knytt til forskingsgruppa Generell mikrobiologi. Stillinga er finansiert av Noregs forskingsråds FRIPRO-program.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til forskningsprosjektet «Methane oxidation by extremophilic Verrucomicrobia adapted to geothermal environments», finansiert av Noregs forskingsråd (FRIMEDBIO). Prosjektet har som mål å auka den grunnleggjande forståinga av mekanismen, reguleringa og evolusjonen av biologisk metanoksidasjon, med fokus på varme- og syre-tilpassa («termo-acidofile») metanotrofe bakteriar som lever i vulkanske miljø. Arbeidsområdet vil vera vekstfysiologiske og molekylær-biologiske studiar av ekstremofile metanoksiderande bakteriar tilhøyrande fylumet Verrucomicrobia og deira nøkkelenzym for oksidasjon av metan. Utanlandsopphald i samband med prosjektarbeid må påreknast. Utarbeiding av vitskapelege manuskript og medrettleiing av studentar som arbeider innanfor rammeverket av dette prosjektet er også viktige arbeidsoppgåver.

 

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er tre år. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til tre år og tre månader, der dei tre ekstra månadene vert finansiert av instituttet. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med prosjektleiar utarbeide ein plan for kvalifiserings-arbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd PhD-grad eller tilsvarande utdanning innanfor mikrobiologi eller molekylærbiologi, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Erfaring frå arbeid med mikroorganismar og relevante molekylærbiologiske tilnærmingar som t.d. genteknologi, genomanalyser, heterolog genekspresjon, proteinkjemi, transkriptomikk eller genetiske analyser av prokaryoter vil bli vektlagd.

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner

  • Du må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg

 Vi kan tilby:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

 Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • Relevante attestar

  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt pr. post til enkeltpersonar, vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Nils-Kåre Birkeland.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. mai 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    137003
  • Intern-ID
    2017/3817
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger