Universitetet i Bergen

Matematisk institutt

Tekst: Del framtiden/Ta del i framtiden

Forskar i anvend og utrekningsorientert matematikk – utrekningsorientert mekanikk for oppsprukne porøse media

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som forskar i anvend og utrekningsorientert matematikk – porøse media frå 1. august 2017.


Stillinga er for ein periode på 2,5 år, knytt til prosjektet “Thermo-Mechanical Subsurface Energy Storage (TheMSES)”, finansiert av «Toppforsk»-satsinga ved Norges Forskingsråd. Prosjektet fell inn under forskingsgruppa for porøse media, som omfattar fem fast vitskaplege tilsette, i tillegg til postdoktorar, ph.d- og masterstudentar.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Målet for TheMSES er å forstå og utvikle matematiske og numeriske modellar som vert kravd for å vurdere og utvikle energilagring i undergrunnen. Prosjektet knytt til denne utlysinga høyrer til Arbeidspakke 1 i prosjektet, som dreier seg om å forstå korleis sprekker kan oppstå og opnast som følgje av endringar i strøyming og temperatur i grunnen når varme fluid vert pumpa ned under høgt trykk og seinare produsert. Hovudmålet er å utvikle matematiske modellar og tilhøyrande numeriske løysingsmetodar som kan bidra til å forstå korleis ulike prosessar i undergrunnen er kopla og påverkar kvarandre. Det skal rettast særleg merksemd mot effektar av gjentatt lagring og produksjon i same formasjon. Utvikling av matematiske og numeriske modellar for å forstå korleis ulike mekanismar for opning og forplantning av sprekkar verkar saman vert sentrale oppgåver i prosjektet.


TheMSES-prosjektet involverer alle fast tilsette i forskingsgruppa for porøse media ved instituttet, og har allereie rekruttert fire PhD studentar og ein postdoktor. Sjå http://themses.b.uib.no for meir informasjon.

 

Nærare omtale av instituttet kan ein finne på http://www.math.uib.no/

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor anvend og utrekningsorientert matematikk, eventuelt i fysikk, geovitskap eller tilsvarande, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Solid bakgrunn i matematisk modellering, partielle differensiallikningar, numeriske metodar og numerisk simulering.
  • Erfaring med bruksområde innan bergmekanikk, elastisitet og eventuelt også strøyming i porøse media.
  • God evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert og gode samarbeidsevner.
  • Flytande skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

 

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 57 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 1) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 486 100. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

 

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål og relevante attestar, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • relevante publikasjonar

     

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

                                                                                                                                         

Søknadsfrist: 14.mai 2017

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Inga Berre e-post: inga.berre@uib.no / tlf. +47 99042244.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    14. mai 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    136867
  • Intern-ID
    2017/4419
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger