Universitetet i Bergen

Matematisk institutt

Kunnskapsrik og målbevisst?

Stipendiat i anvend matematikk

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i anvend matematikk frå 1. september 2017. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, knytt til NFR prosjektet “Flow Based Interpretation of Dynamic Contrast Enhanced Imaging”.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet er tverrfagleg i skjeringspunktet mellom utrekningsmatematikk, bildebehandling, medisin og teknologi. Kandidaten vil jobbe med modellering av væskeflyt i organ som hjerne eller nyre, dataassimilering for modellen og validering mot medisinske bildeopptak (MRI/CT).

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i anvend matematikk, informatikk, fysikk eller tilsvarande.

  • Masterstudentar kan søkje dersom dei skal fullføre sin avsluttande mastereksamen innan 31. juli 2017. Mastergraden må vere oppnådd før ein kan tiltre stillinga.

  • Kandidatar må tilfredstille krava til opptak til ph.d. programmet ved Universitetet i Bergen

  • Kandidaten må ha ein sterk bakgrunn i matematikk, erfaring med numeriske metodar og programmering (Matlab, Python, C++); erfaring med matematisk modellering (helst kontinuumsmekanikk, fluidmekanikk eller tilsvarande).

  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg

     

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjend av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

 

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

 

 

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert

  • dersom du ennå ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål,alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 31. juli 2017

  • relevante attestar

  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Søknadsfrist: 2. juni 2017

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Antonella Zanna, Matematisk institutt, Universitetet i Bergen, epost: Antonella.Zanna@uib.no, tel (+47) 55584857.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    2. juni 2017
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    136496
  • Intern-ID
    2017/4209
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger